Skulehistorie i Hyllestad

Skulehus

Skor:

Skulehuset på Skor vart bygd i 1910. Før 1910 vart det halde skule i leigde lokaler. Skulehuset vart brukt som skule frå 1910 til 1965. Etter dette vart elevane overførte til Åfjorddalen skule. Byggmeister var entreprenør Andreas Gjertsen frå Salbu. Bygningen har ei grunnflate på 10 m x 6,5 m og er bygd i 2 høgder. Kjellaren vart grave ut etter at bygning var teken i bruk og stod ferdig i 1938. Skor Grunneigarlag disponerer bygget etter avtale med Hyllestad kommune, og det fungerer som grendahus. [1]

Vassenden

Skulehuset på Vassenden vart bygd i 1910. Før dette reiste læraren rundt og underviste på gardane. Det var skule på Vassenden frå 1910 til 1959. Etter dette vart elevane overførte til Øen skule. I dag er det gamle skulehuset feriebustad. [2]

Øen

Øen skulehus vart bygd i 1926. Eit privat initativ for å setje i stand huset og gjere det om til eit kultur- og grendahus er sett i gong av ein tidlegare elev ved skulen, Sissel Hatløy. [3]

Skulekretsar

Skulekretsar i Hyllestad frå 1964/1965

  • Leirvik
  • Skifjord
  • Øen
  • Åfjorddal
  • Lifjorden

[4]

Skulekretsar i Hyllestad frå 1963/1964

  • Borsholm skule
  • Skor skule
  • Sørefjord skule
  • Skifjord skule
  • Øen skule
  • Åfjorddal skule
  • Lifjorden skule
  • Leirvik skule
  • Leirvik framhaldsskule
  • Øen framhaldsskule
  • Hyllestad skule

[5]

Skulekretsar i Hyllestad 1891-1905

  • Storaker
  • Skivenes
  • Aasmul
  • Bjørnestad
  • Bordvik
  • Brændesdal
  • Ulvik
  • Hatlem
  • Horne
  • Sundbotten
  • Høidal
  • Kolgraf
  • Hyllestad
  • Sørefjord
  • Birkeland
  • Dale
  • Løland
  • Skor
  • Heggebø
  • Lifjord
  • Sognes

[6]

Skulevegen

Lærarar

Informasjon henta frå femårsmeldingane 1895, 1900 og 1905

  • Ole Olsen Lybak (1824) vart uteksaminert frå Askvoll lærerskole i 1866.
    Han starta som lærar i Hyllestad i 1842 og slutta i 1893. Årsløna var kr 720 i 1895.
  • Ole Sørensen Ulvig (1839) vart uteksaminert frå Stord Seminar i 1861.
    Han starta som lærar i Ulvik i Hyllestad i 1862 og slutta i 1894. Årsløna var kr 665 i 1895.
  • Johannes Ottesen (1846) vart uteksaminert frå Askold Lærerskole i 1866.
    Han starta som lærar i Hyllestad i 1866. Årsløna var kr 635 i 1895, kr 711 i 1900 og kr 994 i 1905.
  • Jakob Andreasen Salbu (1847) vart uteksaminert frå Stord Seminar i 1868.
    Han starta som lærar i Ulvik i Hyllestad i 1879 og slutta i 1919. Årsløna var kr 690 i 1895, kr 734 i 1900 og kr 976 i 1905.
  • Ole Bendiksen Løland (1850) vart uteksaminert frå Stord Seminar i 1879.
    Han starta som lærar i Hyllestad i 1875. Årsløna var kr 690 i 1895, kr 734 i 1900 og kr 946 i 1905.
  • Anders Andersen Ringstad (1857-1933) vart uteksaminert frå Stord Seminar i 1880.
    Han starta som lærar i Heggebø i Hyllestad i 1885. Årsløna var kr 700 i 1895, kr 734 i 1900 og kr 1012 i 1905.
  • Bernt Hansen Risnes (1858) vart uteksaminert frå Stord Seminar i 1883.
    Han starta som lærar i Lifjorden i Hyllestad i 1889 og slutta ca 1929. Årsløna var kr 700 i 1895, kr 734 i 1900 og kr 1012 i 1905.
  • Gjert Henriksen Tveit (1870) vart uteksaminert frå Hamar Seminar i 1893.
    Han starta som lærar i Hyllestad i 1893 og slutta i 1894. Årsløna var kr 465 i 1895.
  • Jonas Olsen Sørefjord (1865) vart uteksaminert frå Stord Seminar i 1888.
    Han starta som lærar ved Hyllestad skule i Hyllestad i 1893. Årsløna var kr 535 i 1895, kr 614 i 1900 og kr 912 i 1905.
  • Knud G. A. Myklebust (1848) vart uteksaminert frå Voldens Lærerskole i 1867.
    Han starta som lærar i Hyllestad i 1894. Årsløna var kr 545 i 1895, kr 727 i 1900 og kr 1048 i 1905.
  • Søren T. Buttedal (1851) vart uteksaminert frå Stord Seminar i 1879.
    Han starta som lærar i Hyllestad i 1894 og slutta i 1902. Årsløna var kr 600 i 1895 og kr 617 i 1900.
  • Martin J. Giil (1875) vart uteksaminert frå Stord Seminar i 1895.
    Han starta som lærar i Hyllestad i 1895og slutta i 1896. Årsløna var kr 430 i 1895 og kr 430 i 1900.
  • Andr. Eide (1874) vart uteksaminert frå Stord Seminar i 1894.
    Han starta som lærar i Hyllestad i 1877. Årsløna var kr 558 i 1900 og kr 812 i 1905.
  • S. Risnæs (1877) vart uteksaminert frå Hamar i 1901.
    Han starta som lærar i Bordvik i Hyllestad i 1902. Årsløna var kr 654 i 1905.

Arkiv

Kjelder

Referansar

  1. Bygnes, Per (2001) Skule og lokalt kulturhus i Skor
  2. [ http://www.geoatlas.no/admin/templates/showitem.aspx?article_id=4818 Høydal, Kristine (20014) Vassenden skule: Frå skulestove til sommarbustad]
  3. Bli med å skape liv i gamle øen skule
  4. Elevstatistikk 1964/65, ssb
  5. Elevstatistikk 1963/64, ssb
  6. Femårsmeldingar