Snidbetning

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. jan. 2008 kl. 12:00 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: thumb|Færing, snidbetning, sunnmørsbåt, Nemninga '''snidbetning''' viser til byggjemåten til sunnmørsbåten. Ordet ''snid'' (uttale: snid, sned,...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Færing, snidbetning, sunnmørsbåt,

Nemninga snidbetning viser til byggjemåten til sunnmørsbåten.

Ordet snid (uttale: snid, sned, sne) tyder 'på skrå, skråande'. Nemninga snidbetning viser til måten botnborda skrår. Dei fleste norske bruksbåtane er bygde med heile bordgangar. Borda går samanhengjande i heile båtlengda. Slik er det ikkje med snidbetningen: Det nedste bordet (på storbåtane dei to nedste borda) blir avskrådd (snida) ned mot kjølen. Dette fører til at borda vidare oppover i båten må skråast ned mot stemne og stamn. Denne skråinga blir gjort ved at kvart bord attanfrå blir skjerva (skøytt) mot to bord framme (renningane). På denne måten blir den typiske snidbetningfasongen til: ein brei framende bygd av mange skrånande bord, og ein heller smal bakende.

Skjerving — eit bord blir skøytt mot to renningar. Gammal åttringside på naustvegg

Mal:Nynorsk Wikipedia