Sogndalstrand

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. jun. 2008 kl. 08:29 av Frode (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Sogndalstrand er ein tettstad i Sokndal kommune, mellom Rekefjord og Jøssingfjord og like sør for kommunesenteret, Hauge i Dalane. På 1600-talet voks det fram ein strandstad her med næringsverksemd knytta til handel, sjøfart og fiske. I dag framstår Sogndalstrand som ein idyllisk tettstad med verneverdige trehus. Det er ein møteplass for folk i området og eit attraktivt turistmål.

Ladestaden

Sogndalstrand fekk tollstasjon under Stavanger ved kongeleg forordning i 1645. Dei rike fiskeria i området, særleg på Sira-grunnen, var ei viktig medverkande årsak. Kjøpmenn med borgarskap i Kristiansand, Stavanger og Bergen slo seg ned her. Frå 1699 til 1738 høyrde tollstasjonen i Sogndalstrand til Flekkefjord tolldistrikt, før han på ny kom under Stavanger. Den næraste konkurrenten til Sogndalstrand var Egersund, som utover 1700-talet hadde den sterkaste veksten.