Sogndalstrand

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. jun. 2008 kl. 08:44 av Frode (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Sogndalstrand er ein tettstad i Sokndal kommune, mellom Rekefjord og Jøssingfjord og like sør for kommunesenteret, Hauge i Dalane. På 1600-talet voks det fram ein strandstad her med næringsverksemd knytta til handel, sjøfart og fiske. I dag framstår Sogndalstrand som ein idyllisk tettstad med verneverdige trehus. Det er ein møteplass for folk i området og eit attraktivt turistmål.

Ladestaden

Sogndalstrand fekk tollstasjon under Stavanger ved kongeleg forordning i 1645. Dei rike fiskeria i området, særleg på Sira-grunnen, var ei viktig medverkande årsak. Kjøpmenn med borgarskap i Kristiansand, Stavanger og Bergen slo seg ned her. Frå 1699 til 1738 høyrde tollstasjonen i Sogndalstrand til Flekkefjord tolldistrikt, før han på ny kom under Stavanger. Den næraste konkurrenten til Sogndalstrand var Egersund, som utover 1700-talet hadde den sterkaste veksten. Kva status Sogndalstrand eigentleg hadde på 1700-talet, ser ut til å ha vore noko uklart. Var det ein strandstad utan privilegier eller ein ladestad med visse rettar? Amtmann Scheel halla rundt 1790 til den siste oppfatninga. Han viste til at Sogndalstrand var nemnt i tollforordningane av 1683, 1691, 1732, 1762 og 1768. Dette medførte ifølgje amtmannen at dansk korn kunne importerast til Sogndalstrand og at varer til og frå byar i Norge kunne lastast, lossast og fortollast her.