Solveig Hildur Ødegaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. okt. 2013 kl. 19:59 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Ny side: Solveig Hildur Ødegaard (f. 17/10-1913) vart fødd på garden Dokken i Svenkerud, Nes kommune. Foreldra var Kari Dokken og lærar og fotograf Lars K. Ødegaard (1877-1933). Etter middel...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Solveig Hildur Ødegaard (f. 17/10-1913) vart fødd på garden Dokken i Svenkerud, Nes kommune. Foreldra var Kari Dokken og lærar og fotograf Lars K. Ødegaard (1877-1933). Etter middelskulen jobba ho på telegrafstasjonen i Nesbyen. Ei tid budde ho hos fotografen Arne E. Grøvo på Geilo, der ho gjekk i fotolære. Etter andre verdskrigen gjekk ho Treiders handelsskule og arbeidde deretter to år hjå Citroen i Oslo. Frå 1948 var ho styrar for Nes telegrafstasjon, der ho var til automatiseringa i 1978. Då ho var 89 år flytta ho til hytta på Myking, der ho budde til ho var 97, med heimehjelp kvar fjortande dag. Ho var glad i å gå turar både sumar og vinter. Som ung deltok ho i skirenn, mellom anna i Oslo.

Kjelder

  • Hallingdølen 17/10-2013
  • Hol kommunes nettsider (om fotografane), besøkt 24/10-2013