Språkskiftet til nynorsk i Austevoll: Forskjell mellom sideversjoner

Litteratur, tillegg,
Ingen redigeringsforklaring
(Litteratur, tillegg,)
Linje 5: Linje 5:

==Motstand mot landsmålet==
==Motstand mot landsmålet==
Frå 1892 kunne skulekrinsane sjølv velja om dei ville ta i bruk landsmål som opplæringsmål, men allereie i 1888 finn ein spor etter motstand mot landsmålet i kommunen. Austevoll skulekommisjon (skulestyre) uttalte seg om framlegget til den nye skulelova som vart vedteken i 1889. I lova var det mellom anna nemnt at skulestyra kunne avgjera kva mål som skulle brukast i undervisninga og i lærebøkene. Skulestyret uttrykte at landsmålet ikkje måtte koma inn i skulen og «forkvakle Undervisningen. Børnene har nok at gjøre med det Maal de kjender.»<ref>[http://lokalhistorie.austevoll.kommune.no| Lokalhistorie i Austevoll]</ref>. Denne paragrafen i skulelova vart ikkje vedteken, men kom inn igjen i 1892 kjend som [[Målparagrafen]]. Den tydelege haldninga heldt seg lenge, og i 2013 er det framleis mange bokmålsbrukarar i denne nynorskkomunen.
Frå 1892 kunne skulekrinsane sjølv velja om dei ville ta i bruk landsmål som opplæringsmål, men allereie i 1888 finn ein spor etter motstand mot landsmålet i kommunen. Austevoll skulekommisjon (skulestyre) uttalte seg om framlegget til den nye skulelova som vart vedteken i 1889. I lova var det mellom anna nemnt at skulestyra kunne avgjera kva målform som skulle brukast i undervisninga og i lærebøkene. Skulestyret uttrykte at landsmålet ikkje måtte koma inn i skulen og «forkvakle Undervisningen. Børnene har nok at gjøre med det Maal de kjender.»<ref>[http://lokalhistorie.austevoll.kommune.no| Lokalhistorie i Austevoll]</ref>. Denne paragrafen i skulelova vart ikkje vedteken, men kom inn igjen i 1892 kjend som [[Målparagrafen]].  
 
Austevoll skulestyre oppmoda skulekrinsane fleire gonger om å ta i bruk landsmålet som opplæringsmål. I ein av krinsane vart eit samrøystes vedtak slik 20. januar 1906: «Vi finder det aldeles ugrundet og til ingen nytte for skolen at få indført landsmålet. For resten negter kredsens opsiddere at kjøbe bøger af landsmålet til skolen». <ref>Sitert etter Jørgen Solbakken 1989 s. 97. </ref>. I denne krinsen sette Den Evangelisk Lutherske Frimenighed i Austevoll strenge krav til skulen både når det gjaldt innføring av landsmål som opplæringsmål og som målform i lærebøkene. Difor vart ikkje landsmål innført i denne krinsen før i 1937. <ref>Asbjørg J. Aasebø 2023, s. 24, og Jørgen Solbakken 1989, s. 97.</ref>

Eit anna spor etter språkspørsmålet finn ein i ''Melding frå Det Vestlandske Maalkontor'' i 1907: «Austevoll hev innført Rolfsen og Støylens Tillegg til Rolfsenboki til 3. Band.» <ref>Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil. Det Vestlandske Maalkontor 1907 s. 13.</ref> Ved at [[Nordahl Rolfsen]] si Læsebog for Folkeskolen med landsmålstillegget av [[Bernt Støylen]] var innført i kommunen, vart elevane kjende med den nye målforma. Det var stor strid om innføringa både av denne og [[Peter Andreas Jensen]] si Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet som vart innført i 1873. <ref>Erling Utne 1994</ref> Nordahl Rolfsens si lesebok frå 1896 hadde eit eige nynorskkapittel på sju sider med fem dikt og seks prosatekstar. I dei 10 andre kapitla i boka var det 10 nynorsktekstar. Boka hadde 134 lesestykke. Dessutan inneheldt leseboka tekstar som fleire i soknestyra meinte ikkje passa for ungar, og saman med landsmålstillegget skapte dette motvilje. Utgåva frå 1896 vart likevel innført i begge soknene i 1898 (?). Sidan dei fleste lærarane i kommunen var utdanna ved [[Stord lærarskule]], der det var eit sterkt målmiljø med eit aktivt [[Mållaget ved Stord lærarskule|mållag]], kan ein gå ut frå at landsmålstekstane vart mykje brukte. Til begynnaropplæring i lesing valde kommunen fleire år seinare ''Den fyrste boka åt barnet'' av [[Jonas Vellesen]].

Linje 137: Linje 139:
==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==
*''Austevoll Menighetsblad'', fleire utgåver mellom 1928 og 1980.
*''Austevoll Menighetsblad'', fleire utgåver mellom 1928 og 1980.
*Eide, Arne: ''Møkster kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen. 1892-1992''. Utgjevar Møkster sokneråd 1998.  
*Eide, Arne. ''Møkster kyrkje 1gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen 1892-1992.''. Utg. Møkster sokneråd 1992. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2014121208076}}.  
*Forhandlingsprotokollar for Austevoll herredsstyre 1886-1952
*Forhandlingsprotokollar for Austevoll herredsstyre 1886-1952
*Forhandlingsprotokollar for Austevoll sokn skulestyre 1886-1942
*Forhandlingsprotokollar for Austevoll sokn skulestyre 1886-1942
Linje 146: Linje 148:
*Hovdan, Peder: Norsk målreising. ''Målskiftet i heradi. 1865 – 19 – 40 – 19…Handskriven protokoll i Arkiv for norsk målreising ved Nynorsk kultursenter i Ørsta.'' Stabekk 1946.  
*Hovdan, Peder: Norsk målreising. ''Målskiftet i heradi. 1865 – 19 – 40 – 19…Handskriven protokoll i Arkiv for norsk målreising ved Nynorsk kultursenter i Ørsta.'' Stabekk 1946.  
*R. R. (Rasmus Ringdal): «Klokkar O. Strømme». I ''Austevoll Menighetsblad''. Konfirmasjonshelg 1940. (Nekrolog over lærar, klokkar og ordførar Ole Strømme)
*R. R. (Rasmus Ringdal): «Klokkar O. Strømme». I ''Austevoll Menighetsblad''. Konfirmasjonshelg 1940. (Nekrolog over lærar, klokkar og ordførar Ole Strømme)
*Solbakken, Jørgen: «Om motstand mot skulen i Møkster, og protestar mot nyordningar i Austevoll». I Wangensten, Egil (red.): ''Grunnskolen i Noreg 250 år. Glimt frå Hordaland''. Utgitt av Skoledirektøren i Hordaland. Bergen 1989. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2017091848005}}
*Utne, Erling: ''Stolmen skule – ei skulesoge''. Artikkel. Stolmen 1994.  
*Utne, Erling: ''Stolmen skule – ei skulesoge''. Artikkel. Stolmen 1994.  
*''Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil 1907''. Bergen: Det vestlandske Maalkontor.  
*''Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil 1907''. Bergen: Det vestlandske Maalkontor.  
*Aasebø, Asbjørg J.: ''Frå omgangsskule til privatskule. Historisk oversikt over Kolbeinsvik skule''. Alpha Forlag 2023

{{Språkskifte i norske kommunar 1892-2013}}
{{Språkskifte i norske kommunar 1892-2013}}
Veiledere, Administratorer, Skribenter
10 646

redigeringer