Språkskiftet til nynorsk i Austevoll: Forskjell mellom sideversjoner

Korr
Ingen redigeringsforklaring
(Korr)
Linje 21: Linje 21:
I ein av dei største skulekrinsane i Møkster sokn vart det halde avrøysting om språkskiftet i juli 1920. Der heiter det at «i Anledning Afstemning i Spørsmaalet Landsmaal eller Rigsmaal til Skolens Brug» gjekk avstemninga reglementert føre seg under tilsyn av «kredstilsyn» og «kredstilsynsformand». Til saman vart det gitt 15 røyster, 13 for nynorsk og to for bokmål. <ref>Utne 1994.</ref> Grunnen til det lave talet kom truleg av at  saka hadde lita interesse, eller at mange av mennene på øya var på islandsfisket eller anna sesongfiske.  

I ein annan krins i sokna oppdaga krinsformannen og varaformannen i skulestyret feil ved avrøystinga, og dei leverete inn klage til skulestyret om at valet måtte haldast på nytt. Bokmålstilhengjarane kuppa valet på ein eller annan måte. I den første avrøystinga i 1920 fekk bokmål nemleg 25 røyster og nynorsk 10, og bokmålstilhengjarane var truleg redde for at nynorsk no ville bli opplæringsmål. Kva utfallet var av den påklaga avrøystinga, er ikkje kjent. I den endelege avrøystinga fekk bokmål ei røyst og nynorsk 28. <ref>Forhandlingsprotokoll for skulestyret i Møkster sokn 1910-1929 </ref>   
I ein annan krins i sokna oppdaga krinsformannen og varaformannen i skulestyret feil ved avrøystinga, og dei leverete inn klage til skulestyret om at valet måtte haldast på nytt. Bokmålstilhengjarane kuppa valet på ein eller annan måte. I den første avrøystinga i 1920 fekk bokmål nemleg 25 røyster og nynorsk 10, og bokmålstilhengjarane var truleg redde for at nynorsk no ville bli opplæringsmål. Kva utfallet var av den påklaga avrøystinga, er ikkje kjent. I den endelege avrøystinga fekk bokmål ei røyst og nynorsk 28. <ref>Forhandlingsprotokoll for skolestyret i Møkster sokn 1910-1929 </ref>   

I det samla oversynet over røystingane om språkskiftet i skulekrinsane i kommunen er skulane som tilhøyrde Fitjar kommune, tekne med.  Oversynet byggjer på Hovdan-protokollen.
I det samla oversynet over røystingane om språkskiftet i skulekrinsane i kommunen er skulane som tilhøyrde Fitjar kommune, tekne med.  Oversynet byggjer på Hovdan-protokollen.
Linje 56: Linje 56:
Det skulle to avrøystingar til i begge soknene før nynorsk vart innført i alle krinsane. I den første var det fleirtal for nynorsk i sju av krinsane, i dei åtte andre stort fleirtal for bokmål.  
Det skulle to avrøystingar til i begge soknene før nynorsk vart innført i alle krinsane. I den første var det fleirtal for nynorsk i sju av krinsane, i dei åtte andre stort fleirtal for bokmål.  

Som det går fram av tabellen, tok det 15 år før spørsmålet kom opp igjen. Storebø krins leverte 14. april 1935 søknad til skulestyret om å få innføra nynorsk som opplæringsmål. Ved søknaden låg ei liste med 90 underskrifter for nynorsk. Skulestyret avslo søknaden fordi det ville vita kor mange som var imot saka. Ei ny avrøysting vart halden der utfallet var 101 for nynorsk og 30 for bokmål. <ref>Forhandlingsprotokoll for skulestyret i Austevoll sokn 1929-1942 </ref>   
Som det går fram av tabellen, tok det 15 år før spørsmålet kom opp igjen. Storebø krins leverte 14. april 1935 søknad til skulestyret om å få innføra nynorsk som opplæringsmål. Ved søknaden låg ei liste med 90 underskrifter for nynorsk. Skulestyret avslo søknaden fordi det ville vita kor mange som var imot saka. Ei ny avrøysting vart halden der utfallet var 101 for nynorsk og 30 for bokmål. <ref>Forhandlingsprotokoll for skolestyret i Austevoll sokn 1929-1942 </ref>   

I dei andre krinsane var det òg stort fleirtal for nynorsk i andre røysteomgang.
I dei andre krinsane var det òg stort fleirtal for nynorsk i andre røysteomgang.
Linje 111: Linje 111:
13. april 1932 foreslo nynorskbrukaren Kristoffer Aase at kommunestyret skulle venda seg til styremaktene om å få alle skriv tilsendt på nynorsk, og at tenestemennene i kommunen skulle nytta landsmaalet so longt dei kan. Saka kom opp i kommunestyret i juli 1933, og med sju mot seks stemmer vedtok kommunestyret måljamstelling etter at framlegget om nynorsk og bokmål som tenestemål i kommunen hadde blitt vraka.

Då nynorskbrukaren Hans Aase var varaordførar og førte møteboka i Austevoll kommunstyre frå omkring 1930, skreiv han saksframlegga og vedtaka på nynorsk mens ordføraren refererte på bokmål. <ref>Forhandlingsprotokoll for Austevoll herredsstyre 1930-1942 </ref>.  Det same gjorde Ole Strømme då han førte møteprotokollen i skulestyret i Møkster sokn. Frå 1914 og fram til han gjekk av som leiar I 1922, refererte han på nynorsk <ref>Forhandlingsprotokoll for Møkster sokn skulestyre 1910-1930 </ref>. Noko anna enn at Aase og Strømme var nynorskbrukarar og arbeidde for nynorsk i kommuneadministrasjonen, er det uvisst kva som var årsaka.
Då nynorskbrukaren Hans Aase var varaordførar og førte møteboka i Austevoll kommunstyre frå omkring 1930, skreiv han saksframlegga og vedtaka på nynorsk mens ordføraren refererte på bokmål. <ref>Forhandlingsprotokoll for Austevoll herredsstyre 1930-1942 </ref>.  Det same gjorde Ole Strømme då han førte møteprotokollen i skulestyret i Møkster sokn. Frå 1914 og fram til han gjekk av som leiar I 1922, refererte han på nynorsk <ref>Forhandlingsprotokoll for Møkster sokn skolestyre 1910-1930 </ref>. Noko anna enn at Aase og Strømme var nynorskbrukarar og arbeidde for nynorsk i kommuneadministrasjonen, er det uvisst kva som var årsaka.

Kommunestyret vedtok å ta i bruk nasjonale vedtekter på nynorsk: «Vedtekter om stengjetid» i 1936 og «Politivedtekt» i 1939.<ref>Hovdan-protokollen s. 166</ref>
Kommunestyret vedtok å ta i bruk nasjonale vedtekter på nynorsk: «Vedtekter om stengjetid» i 1936 og «Politivedtekt» i 1939.<ref>Hovdan-protokollen s. 166</ref>
Linje 118: Linje 118:
Forstandarskapet i Sund og Austevoll sparebank vedtok at frå 1. januar 1933 skulle begge mål vera jamstelte, og at alt prenta tilfang skulle skaffast på begge mål.<ref>Hovdan-protokollen s. 166.</ref>

Eit mållag vart skipa i 1924, men levetida til mållaget er uviss. At det var liv i laget i 1939, ser ein av eit skriv frå formannen i Austevoll Mållag til skulestyret i Austevoll soknekommune om framleis å bruka i-formene i opplæringa i skulen.<ref>Forhandlingsprotokoll for Austevoll sokn skulestyre 1929-1942.</ref> Eit nytt mållag vart skipa i 1960-åra, og då det vart oppattliva i 2010, hadde det sju medlemmer. I 2013 har laget med namnet [[Austevoll Mållag]] 45 medlemmer. Ein av grunnane til at det har vore dårleg grobotn for mållag i kommunen, er at bokmålet alltid har stått sterkt.
Eit mållag vart skipa i 1924, men levetida til mållaget er uviss. At det var liv i laget i 1939, ser ein av eit skriv frå formannen i Austevoll Mållag til skulestyret i Austevoll soknekommune om framleis å bruka i-formene i opplæringa i skulen.<ref>Forhandlingsprotokoll for Austevoll sokn skolestyre 1929-1942.</ref> Eit nytt mållag vart skipa i 1960-åra, og då det vart oppattliva i 2010, hadde det sju medlemmer. I 2013 har laget med namnet [[Austevoll Mållag]] 45 medlemmer. Ein av grunnane til at det har vore dårleg grobotn for mållag i kommunen, er at bokmålet alltid har stått sterkt.

To av kjøpmennene i Austevoll annonserte i kyrkjebladet i 1930-åra, og ein av dei brukte nynorsk.<ref>Austevoll Menighetsblad. Mai 1932</ref> Ved å annonsera i kyrkjebladet, nådde dei truleg fleire enn om dei annonserte i avisene. Kommunen hadde ikkje lokalavis, men mange abonnerte på bokmålsavisa  [[Bergens Tidende]] og nokre på nynorskavisene  [[Gula Tidend]] og [[Sunnhordland]].   

Veiledere, Administratorer, Skribenter
10 646

redigeringer