St. Peter kyrkje (Stranda): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 15: Linje 15:


===Kyrkegarden===  
===Kyrkegarden===  
{{thumb|StPeterKyrkje.jpg|Kyrkjetufta i Oksvik.|Arne Solli|dato=2008}}
{{thumb|StPeterkyrkje.jpg|Kyrkjetufta i Oksvik.|Arne Solli|dato=2008}}


==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==

Sideversjonen fra 5. des. 2014 kl. 20:05

St. Peder kyrkje var ei kyrke på garden Oksvik på Stranda i Møre og Romsdal. Kyrkja blei truleg bygt alt på 1000-talet, og nemnd som soknekyrkje på 1400-talet. Kyrkja eller kyrkjestaden var i bruk seinast i 1570-åra, men kyrkja og soknet var nedlagt i 1589 då den ikkje er nemnd i kyrkjerevisjonen dette året, men både på 1700 og 1800-talet var det synlege restar av kyrkja. Kring 1870 målte Peder Fylling opp kyrkjetufta til 8x10 meter, ein kross hadde stått vest for kyrkja nokre år tidlegare. Tufta etter kyrkja er framleis synleg som såkalla "crop-marks" [[1]], dvs. variasjonar i vegetasjonen

Historisk belegg

Kyrkja er første gong nemnd i "Af. En gml. ætleg", AM. 22b fol 104, ofte omtalt som Sunnmørsætlegga. Der heiter det at "Arnljot Gaddabein som tok vid kristni och resti kkia i wpswig (eller Wxs-wig) og otte han wpswig all & upsage, Helle & Hedensgerdi til odel". Den orginale kjelda er truleg nedskriven i andre halvdel av 1200-talet, men eksisterer no berre som avskrift frå kring 1600. I avskrifta frå kring 1600 er det tilført etter wpswig "nu kalles oxe wig er inderst paa Stranden ij j.Ebbe gield" (Ugelvik-Larsen og Sulebust 1994, s. 514-518). Denne utsegna har blitt brukt til å datere bygginga av kyrkja til kring år 1000 (Gjerding 1938, s.6), men sidan det er tale om ein nedskriving av ein munleg tradisjon på slutten av 1200-talet i ein uviss kontekst er det ikkje mogeleg å datere kyrkja så presist. Kyrkja er nemnd som St. Peder-kyrkje i Aslak Bolts Jordebok frå kring 1430. Jordeboka lister jordegods som tilhøyrde bispestolen i Nidaros og dette jordegodset er ordna etter kyrkjesokn. I St. Peder kyrkjesokn hadde bispesetet partar i gardane Helsem og Oksvik. Kyrkja låg på garden Oksvik, medan Helsem er ein nabogard lenger nord i bygdekrinsen. Kyrkja er også nemnd i Olav Engelbrektssons Jordebok. Kyrkjestaden er nemnd to gonger i 1570-åra. I 1573 er presten i Ørskog prestegjeld saman med lagrettmenn både frå Sunnmøre og Romsdal samla på "Paa Oxe Kiercke gaard oc sougne" (Statsarkivet i Trondheim, Soknepresten i Stranda, Diverse dokument). Høvet er ei venskapleg arveskifte mellom to søskenbarn der ei rekkje gardar og gardpartar blei skift. Det andre dokumentet er frå 1577 og gjeld ein tvist om garden Hauge i Sunnylven. Lagrettemenn saman med presten i Ørskog prestegjeld var samla på "en frit kierkegaard Anno dominio 1577 trinitatissøndag nu næst forleden paa Sancte Peders kierkegaard paa Stranden i Ørskog Prestegjeld. Tolv år seinare i kyrkjerevisjonen, Trondhjem reformats 1589, er kyrkja i Oksvik ikkje nemnd. Ørskog prestegjeld var på denne tid stort og omfatta heile indre Sunnmøre, så det er ikkje usannsynleg at kyrkja og soknet har blitt lagt ned i samband med revisjonen av kyrkja og kyrkjaorganisasjonen.

Kyrkjebygget

Den første kyrkja kan ha vore bygt på 1000-talet, men det har vore spekulert i om dei synlege restane har vore etter ei seinare kyrkje (Gjerding 1938 s. ). Presten Hans Strøm skriv i 1756, med sokneprest Ebbe Carsten Tønder som heimelsmann, at restane etter kyrkja då var synlege (Strøm 1756, s. X). I 1876 var Peder Fylling på antikvarisk reise og målte då opp sjølve kyrkjetufta.

"Man paaviser indnu tomten hvor kirken har staaet, samt kirkegaarden og kirkegaardsmuren er endnu synlig, paa vestre og nordre kant. Jeg maalte grundvolden, hvor kirken har staaet, og befandt den at have veret en langbygning, 12 Alen 18 tom fra syd til nord og 16 alen fra øst til vest. Grundmuren under alterbordet har veret 2 1/2 alen i qvadrat."

Dette viser at kyrkja var 10m lang øst-vest og 8m nord-syd. Dette omrisset er framleis synleg som crop-marks i visse tider på året. Nord-aust for omrisset er terrenget heva og det er mogeleg at dette er fundamentet til kyrkjegardsmuren mot nordaust. Ein steinkors som hadde stått vest for kyrkjtomta var i 1876 brukt i ein fjøsmur. Steinkorset var synleg i fjøsmuren og målte 1.6x0.9m

Kyrkja låg høgt og fritt på garden Oksvik, i austre del av det fellestunet på kanten mot fjorden. Oksvik var ein av dei sentrale gardane på Indre Sunnmøre, der Storfjorden deler seg mot Tafjord og Sunnylvfjorden. Kyrkja må ha vore godt synleg frå fjorden. Det var en Peders-kirke, altså ei kyrkje som var viet til apostelen Peter. Det er kjent at kring 30 kyrkjer var vigd til apostelen Peter, og dei no næraste var Veøy kyrke og Vågå kyrkje. Disse kirkene settes ofte i sammenheng med overgangen fra dyrkingen av Frøya til kristendommen.

Kyrkegarden

Kyrkjetufta i Oksvik.
Foto: Arne Solli (2008).

Kjelder og litteratur

  • Strøm, Hans 1756: Økonomisk beskrivelse København.
  • Gjerding, Jørgen 1938: Kyrkjene i Stranda 1000-1938 Stranda kommune.
  • Fylling, Peder 1876: Bemerkninger Bemerkninger samlede paa en reise i Strandens hovedsogn paa Søndmøre, UBB Ms. 185n.
  • Bolt, Aslak
  • Trondhjem Reformats 1589
  • Ugelvik-Larsen Stein og Sulebust, Jarle 1996: I balansepunktet

Eksterne lenker

Koordinater: 62.283701° N 6.981557° Ø