Stjørdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. nov. 2023 kl. 15:51 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stjørdalen i Trøndelag fylke er eit dalføre og eit distrikt kring det søraustlige hjørnet av Trondheimsfjorden. Sjølve dalen går frå Storlien rett over grensa til Åre kommune i Sverige og gjennom Meråker kommune og Stjørdal kommune til han renn ut i Trondheimsfjorden ved Hell. Via Leksdalen og Tømmerdalen er det samband til Selbu kommune og Tydal kommune i Neadalen, og desse kommunane blir tradisjonelt òg rekna til Stjørdalsdistriktet. Distriktet svarer i hovudtrekk til Stiǫrdǿlafylki i Uttrøndelag i norrøn tid.