Stjørdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. nov. 2023 kl. 13:08 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:d» til «[[Kategori:D»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stjørdalen i Trøndelag fylke er eit dalføre og eit distrikt kring det søraustlige hjørnet av Trondheimsfjorden. Sjølve dalen går frå Storlien rett over grensa til Åre kommune i Sverige og gjennom Meråker kommune og Stjørdal kommune til han renn ut i Trondheimsfjorden ved Hell. Via Leksdalen og Tømmerdalen er det samband til Selbu kommune og Tydal kommune i Neadalen, og desse kommunane blir tradisjonelt òg rekna til Stjørdalsdistriktet. Distriktet svarer i hovudtrekk til Stiǫrdǿlafylki i Uttrøndelag i norrøn tid.