Strandsitjarmiljøet i Feios

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. des. 2017 kl. 23:48 av Jan Magne (samtale | bidrag) (Ny side: I Bygdebok for Leikanger kan ein og lesa om eit sagbruk i Osen. Namnet var "Fej-ås Sag" og er skildra etter eit kongeleg påbod i 1674 om å kartlegge alle sagbruk. I 1683 var soknepre...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

I Bygdebok for Leikanger kan ein og lesa om eit sagbruk i Osen. Namnet var "Fej-ås Sag" og er skildra etter eit kongeleg påbod i 1674 om å kartlegge alle sagbruk. I 1683 var soknepresten i Leikanger, Jens Bugge, oppført som eigar av sagbruket i Osen. Ved folketeljinga i 1801 budde 11 huslydar med til saman 40 personar i Osen, her var det også gjestgjeveri på den tida. (Bøthun, 1965, s. 279)

Fil:Feios - Osen, strandsitjarmiljø .JPG:
Strandsitjarhus i Feios
Foto: Jan Magne Rinde/eige foto

På 1850-talet flytta Bergenskunstnaren Tycho Christoffer Jæger til Osen. Der budde han til han døydde 31.januar 1889. I ei folketeljing i 1865 går det fram at Tycho C. Jæger dyrka poteter, bygg og hadde storkveg. Han hadde sanduttak på eigedomen, var handelsmann og kramkar i tillegg til å vera kunstmålar. Historisk Museum i Bergen har teke vare på samlinga hans. Det er omkring 90 kunstverk med motiv frå Sognefjorden og Vestlandet. (Gjerstad,2012) Han måla mellom anna Leikanger prestegard som no står på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo. Prestegarden er no måla slik han vart framstilt av Jæger.

Osen har vore hamn langt tilbake i tida. På svabeget like ved elvemunninga på austsida, er måla eit hamnemerke, ein kvit ring med svart sentrum. Det indikerer at Osen var ei godkjent hamn på linje med Kvamsøy tilbake til den tida jektefarten var vanleg i Sognefjorden. Seinare har kaien i Osen vore dampskipskai for båttrafikken mellom anna til Fylkesbåtane i og og Fjordane.