Straumgjerde: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 7: Linje 7:
Frå 1930-åra kom også Straumgjerde med i bølgja av industrietableringar som trefte Sykkylven i mellomkrigsåra. Her kom fram ei rekkje tiltak i første rekkje innan møbel- og trevareindustrien, men også i andre produksjonsgreiner. I 1933 skipa Petter Hjorthol og Petter Straumsheim Straumgjerde Kurvvarefabrikk. Som mange andre verksemder kom ho i gang i ein kjellar. Ei bedrift som fekk større betydning for sysselsettinga i krinsen var møbelbedrifta K. Emdal & Co AS. Det var Karl Emdal som tok initiativet til skipinga og han dreiv bedrifta fram til å verte ein av dei leiande møbelprodusentane i landet. Karl Emdal var sjølv mykje engasjert i produktutviklinga, og han stod m.a. bak ei rekkje sovesofapatentar. I åra som følgde kom det til fleire tiltak i møbel- og trevarebransjen, mellom dei K.P. Tandstad Trevarefabrikk, Hoff & Co fra 1941.

Eit tiltak i ei anna bransje var skofabrikken til LArws A. LAde. LAde byrja i det små som skomakar. I 1934 byrja han skomakarverkstad i Straumgjerde der han fekk leige eit hjørne i fabrikken til Karl Emdal. I 1936 fekk han leige eit større lokale slik at han kunne realisere ønsket sitt om å byrje med skoproduksjon. I 1938 kunne han flytte inn i sitt eige, nyoppførte fabrikkbygg.
Eit tiltak i ei anna bransje var skofabrikken til LArws A. LAde. LAde byrja i det små som skomakar. I 1934 byrja han skomakarverkstad i Straumgjerde der han fekk leige eit hjørne i fabrikken til Karl Emdal. I 1936 fekk han leige eit større lokale slik at han kunne realisere ønsket sitt om å byrje med skoproduksjon. I 1938 kunne han flytte inn i sitt eige, nyoppførte fabrikkbygg.BYgget vart utvida i 1948 og grunnlaget var lagt for å gjennomføre ein etter tida rasjonell serieproduksjon. I 1950 var dei ti tilsette oppe i ein dagrproduksjon på 100 sko. Utover i femtiåra vart lønsemda dårleg og bedrifta vart avvikla i 1955.
 
Det var innan møbel- og trevareproduksjonen dei varige tiltaka kom. Den største møbelbedrifta var eit tid Hj. Brunstad Møbelfabrikk. Hjalmar Bruntad starta bedrifta saman med nokre kompanjongar heime i Velledalen i 1941. I 1946 var han eineeigar og flytte bedrifta til Straumgjerde for å kome ned til sjøen som var den fremste transportåra den gongen.

Sideversjonen fra 24. sep. 2011 kl. 06:56

Straumgjerde er ei grend i Sykkylven kommune. Grenda ligg inst i Sykkylvsfjorden og har fått namnet sitt etter garden Strømmegjerde. Straumgjerde ligg i Tandstad skulekrins, og i daglegtalen er Straumgjerde og Tandstad skulekrins samanfallande. Skulekrinsen består, forutan Strømmegjerde, av gardane Straume, Tandstad, Straumsheim, Riksheim og Erstad.

Tettstaden Straumgjerde har vokse fram som eit trafikknutepunkt. Her var frå slutten av attenhundretalet stoppestad for rutebåten som gjekk til og frå Ålesund. Her hadde bøndene i Velledalen båtane sine og ei almenningskai som dei nytta når dei skulle i fiskeri m.v. Fram til førre hundreårsskiftet hadde det vorte nytta føringsbåt når folk og varer skulle ombord i rutebåten. Dette vart betre då Velledalen kaiselskap i 1903 førte opp kai på grunnen til Ole Jensen Strømmegjerde. Strømmegjerde vart tilsett som den første ekspeditøren på kaia. Det kom tidleg gjestgjeveri i Straumgjerde. Bergheim gjestgiveri og Hotel Strømshorn husa mange tilreisande som mellom anna nytta den storfelte naturen i området rundt.

På grunn av staden sin funksjon som trafikknutepunkt vart det grunnlag for daglegvareforretningar her. Hjortholbuda låg ved kaia og var i mange år eit samlingspunkt for dei fastbuande. Her var det også postekspedisjon før Straumgjerde fekk sitt eige postopneri. Seinere kom det til fleire daglegvareforretningar. På eit tidspunkt var her ikkje mindre enn fire slike; Hjorthol-buda, forretningane til Reinholdt Dalseth, Strand og Bjarne Drabløs.