Straumgjerde: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 5: Linje 5:
På grunn av staden sin funksjon som trafikknutepunkt vart det grunnlag for daglegvareforretningar her. Hjortholbuda låg ved kaia og var i mange år eit samlingspunkt for dei fastbuande. Her var det også postekspedisjon før Straumgjerde fekk sitt eige postopneri. Seinere kom det til fleire daglegvareforretningar. På eit tidspunkt var her ikkje mindre enn fire slike; Hjorthol-buda, forretningane til Reinholdt Dalseth, Strand og Bjarne Drabløs.

Frå 1930-åra kom også Straumgjerde med i bølgja av industrietableringar som trefte Sykkylven i mellomkrigsåra. Her kom fram ei rekkje tiltak i første rekkje innan møbel- og trevareindustrien, men også i andre produksjonsgreiner. I 1933 skipa Petter Hjorthol og Petter Straumsheim Straumgjerde Kurvvarefabrikk. Som mange andre verksemder kom ho i gang i ein kjellar. Ei bedrift som fekk større betydning for sysselsettinga i krinsen var møbelbedrifta K. Emdal & Co AS. Det var Karl Emdal som tok initiativet til skipinga og han dreiv bedrifta fram til å verte ein av dei leiande møbelprodusentane i landet. Karl Emdal var sjølv mykje engasjert i produktutviklinga, og han stod m.a. bak ei rekkje sovesofapatentar. I åra som følgde kom det til fleire tiltak i møbel- og trevarebransjen, mellom dei K.P. Tandstad Trevarefabrikk, Hoff & Co fra 1941.
Frå 1930-åra kom også Straumgjerde med i bølgja av industrietableringar som trefte Sykkylven i mellomkrigsåra. Her kom fram ei rekkje tiltak, i første rekkje innan møbel- og trevareindustrien, men også i andre produksjonsgreiner. I 1933 skipa Petter Hjorthol og Petter Straumsheim Straumgjerde Kurvvarefabrikk. Som mange andre verksemder kom ho i gang i ein kjellar. Ei bedrift som fekk større betydning for sysselsettinga i krinsen var møbelbedrifta K. Emdal & Co AS. Det var Karl Emdal som tok initiativet til skipinga og han dreiv bedrifta fram til å verte ein av dei leiande møbelprodusentane i landet. Karl Emdal var sjølv mykje engasjert i produktutviklinga, og han stod m.a. bak ei rekkje sovesofapatentar. I åra som følgde kom det til fleire tiltak i møbel- og trevarebransjen, mellom dei K.P. Tandstad Trevarefabrikk, Hoff & Co fra 1941.

Eit tiltak i ei anna bransje var skofabrikken til LArws A. LAde. LAde byrja i det små som skomakar. I 1934 byrja han skomakarverkstad i Straumgjerde der han fekk leige eit hjørne i fabrikken til Karl Emdal. I 1936 fekk han leige eit større lokale slik at han kunne realisere ønsket sitt om å byrje med skoproduksjon. I 1938 kunne han flytte inn i sitt eige, nyoppførte fabrikkbygg.BYgget vart utvida i 1948 og grunnlaget var lagt for å gjennomføre ein etter tida rasjonell serieproduksjon. I 1950 var dei ti tilsette oppe i ein dagrproduksjon på 100 sko. Utover i femtiåra vart lønsemda dårleg og bedrifta vart avvikla i 1955.
Eit tiltak i ei anna bransje var skofabrikken til Lars A. Lade. Lade byrja i det små som skomakar. I 1934 starta han skomakarverkstad i Straumgjerde der han fekk leige eit hjørne i fabrikken til Karl Emdal. I 1936 fekk han leige eit større lokale slik at han kunne realisere ønsket sitt om å byrje med skoproduksjon. I 1938 kunne han flytte inn i sitt eige, nyoppførte fabrikkbygg. Bygget vart utvida i 1948 og grunnlaget var lagt for å gjennomføre ein etter tida rasjonell serieproduksjon. I 1950 var dei ti tilsette oppe i ein dagrproduksjon på 100 sko. Utover i femtiåra vart lønsemda dårleg og bedrifta vart avvikla i 1955.

Det var innan møbel- og trevareproduksjonen dei varige tiltaka kom. Den største møbelbedrifta var eit tid Hj. Brunstad Møbelfabrikk. Hjalmar Bruntad starta bedrifta saman med nokre kompanjongar heime i Velledalen i 1941. I 1946 var han eineeigar og flytte bedrifta til Straumgjerde for å kome ned til sjøen som var den fremste transportåra den gongen.
Det var innan møbel- og trevareproduksjonen dei varige tiltaka kom. Den største møbelbedrifta var eit tid Hj. Brunstad Møbelfabrikk. Hjalmar Brunstad starta bedrifta saman med nokre kompanjongar heime i Velledalen i 1941. I 1946 var han eineeigar og flytte bedrifta til Straumgjerde for å kome ned til sjøen som var den fremste transportåra den gongen. Brunstad fekk opp eit stort fabrikkbygg i Straumgjerde på tre høgder, men i 1960-åra var det krav til meir rasjonelle produksjonsformer og han flytte bedrifta til Vik der han kunne ta i bruk eit nytt moderne fabrikkbygg på ei flate.
 
Hjalmar Brunstad var sentral då skumplastbedrifta Sandella vart etablert i Straumgjerde i 1960. Han såg verdien av å få ein produsent av det nye stopmateriale til den veksande møbelindustrien i Sykkylven. I 1968 flytte også Sandella produksjonen til industriområdet på Vik.
 
Med industriveksten var det grunnlag for tilflytting og bygginga av private husvere. På få år endra Straumgjerde utsjånad, og tidlegare slåttemarker vart omdanna til bustadområde. Femti- og sekstiåra var også ei kulturell blømingstid i Straumgjerde. Her hadde vore eit ungdomslag, UL Samhald frå 1895. I 1912 førte laget opp huset Vaarvon. Huset vart i åra framover tilhaldsstad for unge og eldre. I fleire år var her også faste kinoframsyningar. Heilt fram til 1970-åra var det eit rikt teater- og revymiljø i ungdomslaget. Kring 1997 tok nye krefter fatt på oppussing av ungdomshuset. Det vart ogsåpm skipa til årlege Straumgjerdedagar som skaffe positiv merksemd til grenda og inntekter til oppussingsprosjektet. Den viktigaste finansieringskjelda til dette har likevel vore dei årlege Straumgjerderevyane som frå 2002 har gjort Straumgjerde til Sykkylvens nye revysentrum. I 2012 vil det vere stor markering av huset sitt 100-årsjubileum og av at hjuset no står fram i utvida og nyerestaurert stand. Drivande leiar i ungdomslaget har dei siste åra vore Jarle Strømmegjerde.
 
Eit anna samlingspunkt i krinsen er skulen. Den nye Tandstad skule vart ført opp i 1955. I 1968 kom det til ein romsleg gymnastikksal som gså har vore nytta som ein samlingssal for folket i krinsen. Rektor ved skulen er i dag Otto-Magne Strømmegjerde.
 
Eit tiltak som har betydd mykje for trivselen i grenda er turstiane som er opparbeidde i markane på Straumsheim ved fotballbana Slettegjerde. Her er det lagt til rette for at alle kan ta seg fram i naturen og langs med stiane er det sett opp skilt som fortel om karakteristiske drag ved naturlandskapet. Primus motor for å realisere desse såkalla Folkestiane har vore Ole Høydal. Han bvar også sterkt delaaktig i prosessen som føfte til at det vart laga til gang- og sykkelveg fra Straumgjerde sentrum til Straume. Dermed er det litt tryggare for dei mjuke trafikan\tane å bevege seg langs riksvegen som går rett gjennom tettstaden Straumgjerde.

Sideversjonen fra 24. sep. 2011 kl. 07:19

Straumgjerde er ei grend i Sykkylven kommune. Grenda ligg inst i Sykkylvsfjorden og har fått namnet sitt etter garden Strømmegjerde. Straumgjerde ligg i Tandstad skulekrins, og i daglegtalen er Straumgjerde og Tandstad skulekrins samanfallande. Skulekrinsen består, forutan Strømmegjerde, av gardane Straume, Tandstad, Straumsheim, Riksheim og Erstad.

Tettstaden Straumgjerde har vokse fram som eit trafikknutepunkt. Her var frå slutten av attenhundretalet stoppestad for rutebåten som gjekk til og frå Ålesund. Her hadde bøndene i Velledalen båtane sine og ei almenningskai som dei nytta når dei skulle i fiskeri m.v. Fram til førre hundreårsskiftet hadde det vorte nytta føringsbåt når folk og varer skulle ombord i rutebåten. Dette vart betre då Velledalen kaiselskap i 1903 førte opp kai på grunnen til Ole Jensen Strømmegjerde. Strømmegjerde vart tilsett som den første ekspeditøren på kaia. Det kom tidleg gjestgjeveri i Straumgjerde. Bergheim gjestgiveri og Hotel Strømshorn husa mange tilreisande som mellom anna nytta den storfelte naturen i området rundt.