Straumgjerde

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. sep. 2011 kl. 05:51 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Straumgjerde er ei grend i Sykkylven kommune. Grenda ligg inst i Sykkylvsfjorden og har fått namnet sitt etter garden Strømmegjerde. Straumgjerde ligg i Tandstad skulekrins, og i daglegta...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Straumgjerde er ei grend i Sykkylven kommune. Grenda ligg inst i Sykkylvsfjorden og har fått namnet sitt etter garden Strømmegjerde. Straumgjerde ligg i Tandstad skulekrins, og i daglegtalen er Straumgjerde og Tandstad skulekrins samanfallande. Skulekrinsen består, forutan Strømmegjerde, av gardane Straume, Tandstad, Straumsheim, Riksheim og Erstad.

Tettstaden Straumgjerde har vokse fram som eit trafikknutepunkt. Her var frå slutten av attenhundretalet stoppestad for rutebåten som gjekk til og frå Ålesund. Her hadde bøndene i Velledalen båtane sine og ei almenningskai som dei nytta når dei skulle i fiskeri m.v. Det kom tidleg gjestgjeveri i Straumgjerde.