Straumgjerde Vel

Sideversjon per 16. sep. 2012 kl. 11:59 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Straumgjerde Vel vart skipa i 1948 for å få gjennomført fellestiltak i Straumgjerdekrinsen i Sykkylven. Mellom prosjekta som foreininga har fått til er grøntanlegg på Bergane, nord...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Straumgjerde Vel vart skipa i 1948 for å få gjennomført fellestiltak i Straumgjerdekrinsen i Sykkylven. Mellom prosjekta som foreininga har fått til er grøntanlegg på Bergane, nord for elva Straumen. Velforeininga har også arbeidd med andre delar av elvemiljøet, og var i 1997 involvert i tilplanting av grøntområdet ved badelaguna og i vegkrysset ved daglegvareforretninga i Straumgjerde. Straumgjerde Vel har også prøvd seg som politisk pressorgan og arbeidde lenge for å få lagt eit legekontor til Straumgjerde. Ein nådde ikkje fram med dette ønsket, og måtte i staden nøye seg med ein apotekfilial som vart lagt ned i 1998. Det tiltaket velforeininga har arbeidd lengst med er dei årlege opprydningsaksjonane i månadsskifet i Straungjerdekrinsen i april/mai.

Kring 2008 tok nokre ungdoman eit initiativ for å blåse nytt liv i organisasjonen etter at han ein tid hadde lege nede. Straumgjerde Vel stod nokre år framover som tilskipar av Straumgjerdedagane med moro i laguna ved elva som høgdepunktet.

Kjelde:

  • Varamannen jula 1998.