Straumgjerderevyen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. mar. 2016 kl. 11:01 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Straumgjerderevyen''' har frå 2002 vore ei årleg revyoppsetjing i det nyrenoverte ungdomshuset Vaarvon i Straumgjerde. Revyen har i alle åra han har vo...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Straumgjerderevyen har frå 2002 vore ei årleg revyoppsetjing i det nyrenoverte ungdomshuset Vaarvon i Straumgjerde. Revyen har i alle åra han har vore arrangert blitt sett opp i palmehelga, og han har for mange blitt ein fast påsketradisjon.

I 2001, då ideen om ein lokal revy kom opp, var første etappe i restaureringa av Vaarvon i hamn. Medlemene i styret i Ungdomslaget Samhald som eigde huset, var då meir opptekne av å skaffe aktivitetar til huset. Slik kom tanken opp om at ein kunne prøve å blåse nytt liv i revytradisjonane i ungdomslaget.

I 1990-åra var det nokre store revyoppsetjingar på samfunnshuset på Aure. Fleire av dei berande kreftene i denne revyen, både på skrivar- og skodespelarsida, var frå Straumgjerde. I 1998 var det snakk om at revygruppa på Aure skulle leggje øvingane sine til Vaarvon, og at UL Samhald kunne få inntektene frå ei forestilling som kompensasjon. Dette vart det ikkje noko av, men tanken om å prøve å få til noko tilsvarande på eiga scene var nærliggande. I mai 2001 gjekk det ut innkalling frå styret i UL Samhald til eit møte om revyplanane som allereie då var både optimistiske og konkrete: ”Vona er at vi kan byrje skrivinga av manus i haust og kanskje kan vi då framføre revyen komande påske.” Fleire av dei som vart kalla inn til, og møtte, på dette første revymøtet har sidan vore sentrale i revyen; Hilde Straumsheim, Ingunn Hunnes, Inger Kurseth Tandstad, Per Helge Frøystad, Jarle Strømmegjerde, Kjetil Tandstad, Asgeir Tandstad og Egil Astad.

Ein nøkkelperson i dei første revyane, og i alle straumgjerderevyar fram til 2016, var Hilde Straumsheim. Hilde Straumsheim, som var oppvaksen i Straumgjerde og hadde vanka i Vaarvon i unge år, var utdanna musikar og hadde erfaring frå revyoppsettingar tidlegare. Betre enn dei fleste visste ho kva som gjorde seg på ei scene, kva som skulle til for å skape fart og framdriv i forestillingane. Ho engasjerte seg både som tekstforfattar, regissør og skodespelar og var saman med medinstruktør Petter Jarnes den som særleg skulle forme Straumgjerderevyen.

Særpreget til revyane vart korte sketsjar, for ein stor del med lokale tema, med humoristisk snert, karikerte rollefigurar og fengande musikalske avrundingar. Den første revyen vart framført påska 2002 og fekk tittelen Polstra truser på blå resept. Fleire av aktørane i den første oppsetjinga hadde knapt nok røynsler frå scena før, men under Hilde Straumsheim og Petter Jarnes si kyndige leiing, blomstra dei opp og skapte rollefigurar som kalla på låtten. Postmann Petter Hole-Drabløs var ein av dei. Han hadde aldri vore nokon flittig brukar av ungdomshuset før han kom med i det nye styret som kasserar i 1996. Vinteren 2001 fekk han melding frå dei som stod bak revyen om at han var tiltenkt ei lita rolle. Han skulle spele seg sjølv som ekspeditør i eit nedleggingstruga postkontor. For å styrke driftsgrunnlaget skulle postkontoret ta opp sal av artiklar som kunne friske opp samlivet. Petter Hole-Drabløs vart premiererevyen si store overrasking i eit fengande finalenummer.

Revyane i Straumgjerde fann fort forma si. Dei vart lagde til palmehelga med forestillingar fredag, laurdag og søndag. Første året var det fire framsyningar, året etter vart det auka til fem, før det enda opp med seks forestillingar totalt. Det vart skapt ei eiga ramme rundt framsyningane. Det første året vart det laga til små kanapéar som publikum fekk kjøpe i pausen saman med mineralvatn, kaffi og kaker. Det vart trykt eigne programhefte som også fungerte som billettar. Her vart aktørane og dei ulike sketsjane presenterte. Ungdomslaget allierte seg med gode krefter på lyd- og lyssida, og heilt frå den første revyen har Knut Øystein Andreassen hatt sikker styring med lysapparata. Dei første åra vart lysutstyret lånt av Velledalskoret. Til å byrje med var Kjell Stave ansvarleg for lyden, frå 2005 kom Christian Ramsvik inn som kreativ og kunnskapsrik lydmann. Dei siste åra har Odd Arne Bøe vore ein viktig brikke på den tekniske sida. Ungdomshuset Vaarvon har dei siste åra blitt særs velutstyrt på den tekniske sida, med eige lyd- og lysutstyr, takka vere dei gode inntektene som revyen har sikra.

Kulissane og sceneeffektane har vore eit kapittel for seg. Her var Petter Jarnes arkitekten, og han fekk med seg Stein Dalseth som praktisk utførande snikkar. Dei siste åra er det Kari Støylen og Olav Oterhals som saman med Petter Jarnes har hatt ansvaret for rekvisittar og kostyme.

Frå 2004 har Jarle Strømmegjerde vore energisk og målretta leiar i UL Samhald. Det første målet han og revygruppa sette seg var at dei skulle halde det gåande til ungdomshuset kunne høgtide 100-årsjubileet i 2012. Men engasjementet rundt revyen, både blant aktørane og hos lokalbefolkninga har vore så sterk at revyen har sikra seg eit vidare liv. I 2016 var det eit stor innslag av yngre krefter blant aktørane på scena. Det vart teke som eit teikn på at framtida til Straumgjerderevyen er lovande.


Kjelde:

  • Kjetil Tandstad og Eldar Høidal: Ungdomshuset Vaarvon 100 år.