Styrvol

Ein styrvol eller styrevol er ei stong som er indirekte kopla til roret gjennom ei stong som går tvers gjennom øverenden av roret og som blir bruka til å styre båten med. Ein styrer mot styrbord eller babord ved å dra styrvolen att og fram etter kjølen, i motsetning til rorpinnar, der ein vrid dei på tvers av båten. Styrvolar er tradisjonelle på vestlandsbåtar og nordvestlandsbåtar. Åfjordsbåtar og nordlandsbåtar har ofte rorpinn i staden — særleg dei større båtane.

Ror med styrvol. (Bilde: Carl Frederik Diriks, utg. 1863)

Kjelder og lenkjer

Sjå òg