Styrvol

Sideversjon per 6. jan. 2008 kl. 05:34 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: thumb|right|300px|[[Ror med styrvol. ''(Bilde: Carl Frederik Diriks, utg. 1863)'']] Ein '''styrvol''' eller '''styrevol''' er ei stong som er indire...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Ein styrvol eller styrevol er ei stong som er indirekte kopla til roret gjennom ei stong som går tvers gjennom øverenden av roret og som blir bruka til å styre båten med. Ein styrer mot styrbord eller babord ved å dra styrvolen att og fram etter kjølen, i motsetning til rorpinnar, der ein vrid dei på tvers av båten. Styrvolar er tradisjonelle på vestlandsbåtar og nordvestlandsbåtar. Åfjordsbåtar og nordlandsbåtar har oftast rorpinn i staden.

Ror med styrvol. (Bilde: Carl Frederik Diriks, utg. 1863)

Sjå òg