Sunnhordlandsætter: Forskjell mellom sideversjoner

m
m (→‎Galtætta: nivåer)
Linje 56: Linje 56:
Som nemnd før hadde denne ætta mykje jordegods både i Sunnhordland og andre stader. Men fleire av Greip Ivarsson sine gardar kom vekk frå han. I 1383 då han skulle reisa til Færøyane, pantsette han til fehirden i Bjørgvin (Erlend Philippusson av Losna) to gardar på Voss: Geirastad og øvre Rykken. Og i 1399 då han var heime i Noreg ein tur, nemner han i eit brev, dagsett i Skien 12 mai det året, at han har kjøpt av "hederlig ridder min kiere frende" hr. Gaute Eriksson eit skip for 200 mark og 24 pakkar færøyisk vadmel, og at han til sikring for kjøpesummen gjev til Gaute som pant 4 mannsverk i Hatteberg og 3,5 mannsverk 7,5 m. m. bol i Hausom i Kinsarvik. Og vidare "oploder" han til Gaute all retten sin i Aga og Jåstad i Ullensvang og i Kjerland i Kvinnherad og i alt sitt gods på Færøyane og Hjaltland. Ein kan ikkje sjå at dette godset vart innløyst. Og det kom såleis over til Gaute Eriksson og settlingane hans. Ein kan heller ikkje sjå at Greip har late etter seg livservingar. Etter 1399 er han ikkje nemnd.

= Galtætta =
== Galtætta ==

Ein trur at den før nemnde Gaut Gautsson (Gaut Unge, sjå over) har late etter seg også ein son til, ein som heitte Sigurd (jfr. Henning Sollied i Norsk slektshistorisk tidsskrift 1930, b. II). Denne Sigurd er elles skriven Sigurd Galt. Han budde på Torsnes i Jondal. Og ein reknar med han som stamfar til den ætta som seinare er kalla Galtung. Han er nemnd fleire gonger i første helvta av 1300-talet. Han hadde to søner: Erik Sigurdsson og Gaute Sigurdsson .  

== Gaute Eriksson Galt ==
=== Gaute Eriksson Galt ===
   
Erik sin son var Gaute Eriksson Galt på Hatteberg (som han fekk i pant av Greip Ivarsson og som han sidan hadde). Han var gift to gonger. først med ei som heitte Ingrid. Ho var av fyrsteleg ætt, og var ei dotterdotter til den heilage Birgitta i Sverige. Sidan vart han gift med ei som heitte Margreta. Ho var dotter til riddaren Svale Ølversson Rømer av den namngjetne Rømerætta. Sjølv var Gaute Eriksson både riddar og riksråd, og var ein av Noregs fremste menn ikring 1400. Han hadde Oslo syssel i 1397. Og seinare var han fehirde og sysselmann i Skien ei tid. Han åtte jordegods rundt i landet, og var så rik ein mann at han kunne låna pengar både til kongen og andre. Han døydde i 1413. Men ein kan ikkje sjå at han har late etter seg noko livsarving. Ei av  systrene hans, Gyrid Eriksdotter, vart gift med den norske riksråden Gunnar Taraldsson Kane. Dei hadde to born: dottera, Sigrid Kane, som vart gift med Svale Jonsson Smør, og som såleis vart mor til riksforstandaren Jon Smør. Og sonen Nikolaus Kane. Han var riddar og riksråd og var gift med Salome Torsteinsdotter Rømer. Og dotterson deira var Nils Henriksson Gyldenløve, mannen til den namngjetne fru Inger til Østråt. I 1412 fekk den nemnde Sigurd Kane garden Hatteberg av morbroren Gaute. Og såleis kom då Hatteberg til Kane-ætta.  

== Sigurd Gautesson ==
=== Sigurd Gautesson ===

Den før nemnde andre sonen til Sigurd Galt på Torsnes, Gaute Sigurdsson, hadde ein son som heitte Sigurd. Denne Sigurd Gautesson var gift med ei Sigrid Bårdsdotter. Og son deira er Bård  Sigurdsson på Torsnes, nemnd fleire gonger i første helvta av 1400-talet. Han var gift med ei som heitte Gyrid Torbergsdotter, og som var frå Store Brandvik (Stord). Bård og Gyrid hadde ei dotter som heitte Herborg. Ho vart gift med Nils (Nikolaus) Ragnvaldsson som med henne fekk Brandvik.

== Johannes Lauritsson ==
=== Johannes Lauritsson ===

Elles er det ikkje stort me veit om Galtætta frå midten av 1400-talet og frametter ei tid. Men ut på 1500-talet kjem ho noko meir fram i ljoset att - i den  Johannes  Lauritsson  på Valen som me kjenner frå den tida (f. ca. 1540, d. 1620). Det var ein eventyrar av ein sunnhordlending som heitte Enno Brandrøk (av Rustungætta, sjå nedanf.). Han fekk den unge Johannes Lauritsson med seg til Sverige, der han ville få hjelp til å føra krig mot Danmark og til å få Noreg løyst frå sambandet med dei danske. Han fortalde kor misnøgde dei norske adelsættene var med daneveldet. Og særleg ville dei adelege slektningane hans i Sunnhordland støtta eit slikt tiltak, sa han. Så fekk han då den nemnde Johannes Lauritsson som var syskenbarnet hans til å gå til Noreg med brev om dette. Men Johannes fekk ikkje noko medhald av dei andre slektningane sine. Dei heldt seg unna alle som ein. Og med Johannes gjekk det såleis at han vart sett fast på Bergenhus. Han kom då likevel frå det med livet. Men han måtte "betale hundrede daler for sin hals". Sidan var han ein kongetrugen mann. Og i 1591 finn me han mellom dei utsendingane som var i Oslo, då Kristian 4. var hylla som konge. Han var gift med Herborg Torbjørnsdotter frå Sandvin i Vikør (ei dotterdotter til Christopher Rustung).  

== Laurits Johannesson ==
=== Laurits Johannesson ===

Sonen deira var Laurits Johannesson på Torsnes. Han var fut over Halsnøy Kloster og Hardanger len, og var også sjølv eigar av mykje jordegods. Han var gift med Lisbette Orning, dotter til generaladmiral Erik Ottesson Orning på Vatne på Stord. Også dette giftarmålet syner kor høgt ho var i vørdnad enno, denne ætta. Dei hadde mange born desse to. Det var minst åtte i alt, to søner og seks døtre. Alle døtrene var gift med prestar. Ei av dei, Magdalena, vart gift med Rasmus Pedersson, sokneprest i Strandebarm 1648-76. Og ein sonesons son var den Rasmus Rasmusson som i 1759 kjøpte Søre Tveita på Stord og vart buande der. Dei to sønene der var Johan og Lauritz. Johan døydde ugift.  

== Laurits  Galtung ==
=== Laurits  Galtung ===

Laurits var fødd ca. 1612, og han var ein av dei fremste sjøoffiserane på 1600-talet. Alt i 1641 vart han skipsbefalingsmann. Men to år etter laut han røma or landet, avdi han hadde drepe den unge Axel Mouatt, søskenbarnet sitt, i ein duell. Han fekk likevel koma heimatt nokså snart, og i 1657 finn me han som admiral og eskadresjef for ein del av flåten. Som løn for dugleg teneste fekk han Lister len "kvitt og fritt", d.v.s. med alle kongelege inntekter. Han fekk også sitt adelsskap stadfest på nytt, og fekk då namnet endra til Galtung. Han var to gonger gift. Først med Clara Gere som døydde i 1645, og sidan med Barbara Grabow. Han døydde i 1661, enno i sin beste alder.

== Galtung-slekta på 1700-talet ==
=== Galtung-slekta på 1700-talet ===
   
I 1748 skulde det sendast inn ei melding om adelege etterkomarar i Noreg. Og prost M. Ruus i

Veiledere, Administratorer, Skribenter
34 043

redigeringer