Sykkylven Venstre: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
(5 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Sykkylven Venstre|Venstre]]''' er det eldste politiske partiet i [[Sykkylven]] som det er det i dei fleste landkommunane i Noreg. Det første referatet i protokollen til venstreforeininga i Sykkylven er frå 19. august [[1883]], eit halvt år før den norske venstreforeininga vart skipa. Då var namnet på foreininga [[Søkelvens Samtalelag]]. Slike samtalelag voks fram over heile landet frå midten av 1870-åra og fleire stader gjekk desse laga gradvis over i den regionale og nasjonale [[Venstre]]-organisasjonen.
'''[[Sykkylven Venstre|Venstre]]''' er det eldste politiske partiet i [[Sykkylven]], som det er det i dei fleste landkommunane i [[Noreg]]. Det første referatet i protokollen til venstreforeininga i Sykkylven er frå 19. august [[1883]], eit halvt år før den norske venstreforeininga vart skipa. Då var namnet på foreininga [[Søkelvens Samtalelag]]. Slike samtalelag voks fram over heile landet frå midten av 1870-åra, og fleire stader gjekk desse laga gradvis over i den regionale og nasjonale [[Venstre]]-organisasjonen.


Framveksten av samtalelag er uttrykk for avgjerande endringar i det norske samfunnet frå midten av attenhundretalet. Frå tida rundt 1840-åra vart det stadig oftare snakka om ”associationsaanden”, det vil seie at folk kjende trong for å kome saman i organisasjonar. Desse var med å synleggjere nye interessekonfliktar og makttilhøve. Også lokalsamfunn som Sykkylven vart tettare integrert i storsamfunnet. Det vart bygd vegar som batt landet betre saman, dampskips- og jarnbaneruter førte varer og folk raskare fram. Samstundes vart det ei spesialisering i primærnæringane i landet. Bøndene produserte det som gav best utteljing på den nasjonale marknaden, medan dei tidlegare hadde produsert det meste av det dei trong i ein meir lukka sjølforsyningsøkonomi. Alt dette førte til at menneske i distrikta vart meir påverka av det som skjedde andre stader. Skulle dei sikre seg at deira interesser vart høyrde, måtte dei ta aktivt del i samfunnsdebatten. For nokre vart samtalelaga eit forum der dei prøvde å orientere seg i det nye landskapet.   
Framveksten av samtalelag er uttrykk for avgjerande endringar i det norske samfunnet frå midten av [[1800-talet|attenhundretalet]]. Frå tida rundt [[1840-åra]] vart det stadig oftare snakka om «associationsaanden», det vil seie at folk kjende trong for å kome saman i organisasjonar. Desse var med å synleggjere nye interessekonfliktar og makttilhøve. Også lokalsamfunn som Sykkylven vart tettare integrert i storsamfunnet. Det vart bygd vegar som batt landet betre saman, dampskips- og jarnbaneruter førte varer og folk raskare fram. Samstundes vart det ei spesialisering i primærnæringane i landet. Bøndene produserte det som gav best utteljing på den nasjonale marknaden, medan dei tidlegare hadde produsert det meste av det dei trong i ein meir lukka sjølforsyningsøkonomi. Alt dette førte til at menneske i distrikta vart meir påverka av det som skjedde andre stader. Skulle dei sikre seg at deira interesser vart høyrde, måtte dei ta aktivt del i samfunnsdebatten. For nokre vart samtalelaga eit forum der dei prøvde å orientere seg i det nye landskapet.   
    
    
På denne tida dreide ordskiftet i riksstyringa seg mykje om styringsforma i landet. Fram til 1880-åra hadde den svenske kongen mykje politisk makt. Han kunne til dømes nekte å godta lover som Stortinget hadde vedteke. Det var nett dette Kongen gjorde då fleirtalet i Stortinget ville at statsrådane skulle møte i Stortinget for å svare for seg overfor dei folkevalde. For kongen, statsrådane og dei politisk konservative vart dette oppfatta som ein trussel. Dei var redde for at statsrådane og regjeringsmakta skulle miste si frie stilling. På den andre sida stod dei nasjonalt og demokratisk innstilte stortingsrepresentantene og talte for at makta skulle samlast i stortingssalen. Det var der dei folkevalde representantane sat. Desse fann altså etter kvart saman i [[Norges Venstreforening]], som hadde ei nasjonal forankring mellom anna i samtalelag og andre folkelege organisasjonar rundt om i landet
På denne tida dreide ordskiftet i riksstyringa seg mykje om styringsforma i landet. Fram til [[1880-åra]] hadde kongen mykje politisk makt. Han kunne til dømes nekte å godta lover som [[Stortinget]] hadde vedteke. Det var nett dette Kongen gjorde då fleirtalet i Stortinget ville at statsrådane skulle møte i Stortinget for å svare for seg overfor dei folkevalde. For kongen, statsrådane og dei politisk konservative vart dette oppfatta som ein trussel. Dei var redde for at statsrådane og regjeringsmakta skulle miste si frie stilling. På den andre sida stod dei nasjonalt og demokratisk innstilte stortingsrepresentantene og talte for at makta skulle samlast i stortingssalen. Det var der dei folkevalde representantane sat. Desse fann altså etter kvart saman i [[Norges Venstreforening]], som hadde ei nasjonal forankring mellom anna i samtalelag og andre folkelege organisasjonar rundt om i landet


== Over til Venstre ==
== Over til Venstre ==
Det store politiske samtaleemnet i Noreg i siste halvdelen av 1883 var riksrettsaka mot Selmer-regjeringa. Den liberale regionavisa Søndmørsposten, som kom i gang dette året, følgde saka frå dag til dag og mana til kamp for demokratiet. Avisa heldt fram at det var viktig at dei demokratiske og reformvillige kreftene i landet samla seg i venstreforeiningar. 27. september 1883 kunne avisa melde at det i Sykkylven var oppretta ei samtaleforeining "der fuldstændig slutter sig til den liberale Politik." Dette var eit av dei første venstrelaga på Sunnmøre, sjølv om det i første omgang ikkje tok venstrenamnet. Det politiske alternativet for dei samfunnsengasjerte var [[Høgre]], men det partiet rekrutterte svært få medlemer eller veljarar på landsbygda på Sunnmøre. Dette var partiet for dei som ville halde på styringsforma der kongen var eit stabiliserande element. Dei var skeptiske til å gje for mykje makt til folkevalde organ. I Sykkylven fanst det knapt Høgre-folk i det heile. Tidlegare lensmann [[Bernt Tandstad]] fortalde at det kring førre hundreårsskiftet skal ha vore éin høgremann i sentrumskrinsen. Han var offiser. Alle dei andre med røysterett meinte at det var Venstre som best tok vare på interessene deira.
Det store politiske samtaleemnet i Noreg i siste halvdelen av 1883 var riksrettsaka mot Selmer-regjeringa. Den liberale regionavisa ''Søndmørsposten'', som kom i gang dette året, følgde saka frå dag til dag og mana til kamp for demokratiet. Avisa heldt fram at det var viktig at dei demokratiske og reformvillige kreftene i landet samla seg i venstreforeiningar. 27. september 1883 kunne avisa melde at det i Sykkylven var oppretta ei samtaleforeining «der fuldstændig slutter sig til den liberale Politik.» Dette var eit av dei første venstrelaga på Sunnmøre, sjølv om det i første omgang ikkje tok venstrenamnet. Det politiske alternativet for dei samfunnsengasjerte var [[Høgre]], men det partiet rekrutterte svært få medlemer eller veljarar på landsbygda på Sunnmøre. Dette var partiet for dei som ville halde på styringsforma der kongen var eit stabiliserande element. Dei var skeptiske til å gje for mykje makt til folkevalde organ. I Sykkylven fanst det knapt Høgre-folk i det heile. Tidlegare lensmann [[Bernt Tandstad]] fortalde at det kring førre hundreårsskiftet skal ha vore éin høgremann i sentrumskrinsen. Han var offiser. Alle dei andre med røysterett meinte at det var Venstre som best tok vare på interessene deira.


I møteprotokollen til samtalelaget står det dette om føremålet: ”Samtalelagets formaal er at arbeide for
I møteprotokollen til samtalelaget står det dette om føremålet: «Samtalelagets formaal er at arbeide for
a) en frisindet Politik paa grundlag af Kristendommen og Grundloven af 17. Mai 1814.
a) en frisindet Politik paa grundlag af Kristendommen og Grundloven af 17. Mai 1814.
b) Jordbruget og i det hele Bygdens Opkomst og Fremgang i enhver henseende.
b) Jordbruget og i det hele Bygdens Opkomst og Fremgang i enhver henseende.
c) Fremmøde ved valgene.
c) Fremmøde ved valgene.»


Det siste var ikkje det minst viktige. For dei som ville ha endringar i styringsforma og meir makt til dei folkevalde organa, i første rekke Stortinget, var det viktig å mobilisere flest mogeleg av dei røysteføre før vala. Røysterettsreglane som vart utforma i [[1814]] galdt framleis i 1880-åra. Veljarane røysta på valmenn som kom saman på amtsnivå (fylke) for å velje stortingsrepresentantane. Røysteretten var avgrensa til menn over 25 år med eigd eller bygsla jord. I tillegg hadde embetsmenn røysterett, og borgarar med eigedom i byar.  
Det siste var ikkje det minst viktige. For dei som ville ha endringar i styringsforma og meir makt til dei folkevalde organa, i første rekke Stortinget, var det viktig å mobilisere flest mogeleg av dei røysteføre før vala. Røysterettsreglane som vart utforma i [[1814]] galdt framleis i 1880-åra. Veljarane røysta på valmenn som kom saman på amtsnivå (fylke) for å velje stortingsrepresentantane. Røysteretten var avgrensa til menn over 25 år med eigd eller bygsla jord. I tillegg hadde embetsmenn røysterett, og borgarar med eigedom i byar.  
Linje 29: Linje 29:
Denne striden hadde mobilisert grunnplanet til innsats. Etter at sigeren var sikra, var det berre naturleg at engasjementet minska noko. Det kan vere grunnen til at det ikkje vart ført inn møtereferat nokre år etter hausten 1884. Men venstreprotokollen vart teken vare på, og i 1894 kom fleire av dei same karane saman for å skipe Søkelvens venstreforening på nytt. Den gamle protokollen vart snudd rundt, og foreininga førte sitt første møtereferat inn i ei bok med mange blanke ark.  
Denne striden hadde mobilisert grunnplanet til innsats. Etter at sigeren var sikra, var det berre naturleg at engasjementet minska noko. Det kan vere grunnen til at det ikkje vart ført inn møtereferat nokre år etter hausten 1884. Men venstreprotokollen vart teken vare på, og i 1894 kom fleire av dei same karane saman for å skipe Søkelvens venstreforening på nytt. Den gamle protokollen vart snudd rundt, og foreininga førte sitt første møtereferat inn i ei bok med mange blanke ark.  
    
    
Frå då av verkar den lokale venstreforeininga å vere enno tettare vevd inn i venstre-apparatet på regionalt og nasjonalt nivå. Mykje truleg har initiativet til revitaliseringa av den gamle venstreforeininga kome frå amtsforeininga i [[Molde]]. I paragraf 1 i foreininga sine statuttar heiter det: ”Søkelvens Venstreforening tilhører Romsdals amts Venstreforening og stiller sig som mål i forbindelse med denne at virke for politisk oplysning ved afholdelse af møder og udbrædelse af folkelige blade og skrifte samt for kraftig deltagelse i valgmannsvalg og kommunevalg.[[Bastian Weiberg-Aurdal]] var dei første åra etter nyskipinga leiar i venstrelaget i Sykkylven. Nestleiar var [[P.C.N. Aure]].
Frå då av verkar den lokale venstreforeininga å vere enno tettare vevd inn i venstre-apparatet på regionalt og nasjonalt nivå. Mykje truleg har initiativet til revitaliseringa av den gamle venstreforeininga kome frå amtsforeininga i [[Molde]]. I paragraf 1 i foreininga sine statuttar heiter det: «Søkelvens Venstreforening tilhører Romsdals amts Venstreforening og stiller sig som mål i forbindelse med denne at virke for politisk oplysning ved afholdelse af møder og udbrædelse af folkelige blade og skrifte samt for kraftig deltagelse i valgmannsvalg og kommunevalg.» [[Bastian Weiberg-Aurdal]] var dei første åra etter nyskipinga leiar i venstrelaget i Sykkylven. Nestleiar var [[P.C.N. Aure]].


== Kvinner utan røysterett ==
== Kvinner utan røysterett ==
Linje 36: Linje 36:
Etter statuttane var foreininga open for både menn og kvinner, men i medlemlistene var det berre mannsnamn. Det var enno ikkje innført røysterett for kvinner, men kvinnene kom etter kvart meir aktivt med i samfunnsdebatten. På nasjonalt nivå var det fleire i Venstre som tok til orde for at også kvinner flest burde få ta del i val. Men midt i 1890-åra var enno ikkje spørsmålet om allmenn røysterett for menn avgjort. Så fleire meinte at ein først måtte få det spørsmålet avgjort før ein gjekk vidare og sette kvinneleg røysterett høgt på dagsordenen. Denne linja fekk tilslutning i Søkelven venstreforening.  
Etter statuttane var foreininga open for både menn og kvinner, men i medlemlistene var det berre mannsnamn. Det var enno ikkje innført røysterett for kvinner, men kvinnene kom etter kvart meir aktivt med i samfunnsdebatten. På nasjonalt nivå var det fleire i Venstre som tok til orde for at også kvinner flest burde få ta del i val. Men midt i 1890-åra var enno ikkje spørsmålet om allmenn røysterett for menn avgjort. Så fleire meinte at ein først måtte få det spørsmålet avgjort før ein gjekk vidare og sette kvinneleg røysterett høgt på dagsordenen. Denne linja fekk tilslutning i Søkelven venstreforening.  
    
    
Lokallaget hadde ikkje noko høgt aktivitetsnivå. Nystartåret vart det berre avvikla eitt møte. I 1895 var det ikkje notert noko i møteboka. Det neste møtet var i 1896 og det kom til etter initiativ frå amtsvenstrelaget. Hovudsak på møtet var diskusjon om forslaget til valprogram fra Norges Venstreforening. Lokallaget støtta landsvenstre sitt syn i saka om eige norsk konsulatvesen. Noreg hadde stor grad av sjølråderett innafor rammene av unionen, men når det gjaldt utanrikspolitikk var det svenskane som kontrollerte det meste. Dei to landa hadde felles utanriksminister som alltid var svensk. Striden omkring dette var med å løyse opp dei siste restane av unionsband mellom dei to broderlanda. Igjen følgde Venstre ei folkeleg, demokratisk linje, som altså lokalforeininga i Sykkylven slutta opp om. Men når det gjaldt synet på kvinneleg røysterett var ikkje sykkylvingane mellom dei mest nytenkande. I referatet frå møtet der stortingsprogrammet vart handsama, heiter det; ”Derefter udtalte man at man ikke fandt det betimelig fortiden at tilstaa kvinder stemmeret.
Lokallaget hadde ikkje noko høgt aktivitetsnivå. Nystartåret vart det berre avvikla eitt møte. I 1895 var det ikkje notert noko i møteboka. Det neste møtet var i 1896 og det kom til etter initiativ frå amtsvenstrelaget. Hovudsak på møtet var diskusjon om forslaget til valprogram fra Norges Venstreforening. Lokallaget støtta landsvenstre sitt syn i saka om eige norsk konsulatvesen. Noreg hadde stor grad av sjølråderett innafor rammene av unionen, men når det gjaldt utanrikspolitikk var det svenskane som kontrollerte det meste. Dei to landa hadde felles utanriksminister som alltid var svensk. Striden omkring dette var med å løyse opp dei siste restane av unionsband mellom dei to broderlanda. Igjen følgde Venstre ei folkeleg, demokratisk linje, som altså lokalforeininga i Sykkylven slutta opp om. Men når det gjaldt synet på kvinneleg røysterett var ikkje sykkylvingane mellom dei mest nytenkande. I referatet frå møtet der stortingsprogrammet vart handsama, heiter det; «Derefter udtalte man at man ikke fandt det betimelig fortiden at tilstaa kvinder stemmeret.»


== Venstredominans ==
== Venstredominans ==
Venstrelaget var lenge det einaste politiske partilaget i Sykkylven. Sykkylven var på slutten av 1800-talet eit samfunn med små sosiale forskjellar. Dei yrkesaktive var stort sett gardbrukarar med små gardsbruk. Elles var her nokre lærarar, kjøpmenn og handverkarar. Også desse kjende seg mest heime i Venstre-leiren. Fløypartia Høgre og [[Arbeidarpartiet]] hadde lite å hente i Sykkylven før 1900. Difor var det ingen som stilte spørsmålsteikn ved at det var venstreforeininga som tok seg av 17.maimarkeringa i kommunen. På eit møte våren [[1897]] vart det beslutta at ein også dette året skulle feire [[17.mai]] på vanleg måte. Programmet for dagen var slik: Frammøte på Aurekaia kl. 16.00. – 17.mai var ikkje fridag den gongen, og arbeidslivet i Sykkylven gjekk heller ikkje etter klokka, men følgde årsrytmen i naturen og i landbruket. – Frå Aurekaia gjekk dei til [[Blindheim]] der det var talar. Dagen vart avslutta med ei matøkt. 17.mai i Sykkylven den gongen synest ikkje først og fremst å ha vore ein festdag for borna, i [[Henrik Wergelands]] ånd, men ein dag der dei vaksne fekk impulsar i striden for fullt nasjonalt sjølvstende.  
Venstrelaget var lenge det einaste politiske partilaget i Sykkylven. Sykkylven var på slutten av 1800-talet eit samfunn med små sosiale forskjellar. Dei yrkesaktive var stort sett gardbrukarar med små gardsbruk. Elles var her nokre lærarar, kjøpmenn og handverkarar. Også desse kjende seg mest heime i Venstre-leiren. Fløypartia Høgre og [[Arbeidarpartiet]] hadde lite å hente i Sykkylven før 1900. Difor var det ingen som stilte spørsmålsteikn ved at det var venstreforeininga som tok seg av 17.maimarkeringa i kommunen. På eit møte våren [[1897]] vart det beslutta at ein også dette året skulle feire [[17.mai]] på vanleg måte. Programmet for dagen var slik: Frammøte på Aurekaia kl. 16.00. – 17.mai var ikkje fridag den gongen, og arbeidslivet i Sykkylven gjekk heller ikkje etter klokka, men følgde årsrytmen i naturen og i landbruket. – Frå Aurekaia gjekk dei til [[Blindheim]] der det var talar. Dagen vart avslutta med ei matøkt. 17. mai i Sykkylven den gongen synest ikkje først og fremst å ha vore ein festdag for borna, i [[Henrik Wergelands]] ånd, men ein dag der dei vaksne fekk impulsar i striden for fullt nasjonalt sjølvstende.  


At venstrelaget hadde eit offisielt preg i Sykkylven den gongen vert også understreka av at møta i foreininga vart kunngjorde på kyrkjebakken: ”Aar 1899 den 1. oktbr. blev møde afholdt i Søkelvens venstreforening i henhold til berammelse fra kirkebakken.Einaste sak på dette møtet var val av representant frå foreininga til amtsforeininga sitt møte i Molde. Som representant vart P.C.N. Aure samrøystes vald. Han var sentral i foreininga i ei årrekkje og i 1897 vart han valmann frå Sykkylven, saman med tre andre; [[Ole E. Vik]], [[Sivert Grebstad]] og Bastian Weiberg-Aurdal. Ved neste val, i 1900, kunne Sykkylven sende seks valmenn til Molde. Dei fire nemnde fekk fornya tillit, i tillegg fekk dei med seg [[Jens O. Hellen]] og [[Ole P. Lade]]. Desse personane var også blant dei leiande i kommunestyringa i Sykkylven rundt det førre hundreårsskiftet. Ole E. Vik var ordførar i to periodar, første gong mellom 1888 og 1898. P.C.N. Aure var ordførar i tre omgangar, første gongen mellom 1899 og 1904. Vi kan trygt seie at Sykkylven den gongen var ein Venstre-kommune.
At venstrelaget hadde eit offisielt preg i Sykkylven den gongen vert også understreka av at møta i foreininga vart kunngjorde på kyrkjebakken: «Aar 1899 den 1. oktbr. blev møde afholdt i Søkelvens venstreforening i henhold til berammelse fra kirkebakken.» Einaste sak på dette møtet var val av representant frå foreininga til amtsforeininga sitt møte i Molde. Som representant vart P.C.N. Aure samrøystes vald. Han var sentral i foreininga i ei årrekkje og i 1897 vart han valmann frå Sykkylven, saman med tre andre; [[Ole E. Vik]], [[Sivert Grebstad]] og Bastian Weiberg-Aurdal. Ved neste val, i 1900, kunne Sykkylven sende seks valmenn til Molde. Dei fire nemnde fekk fornya tillit, i tillegg fekk dei med seg [[Jens O. Hellen]] og [[Ole P. Lade]]. Desse personane var også blant dei leiande i kommunestyringa i Sykkylven rundt det førre hundreårsskiftet. Ole E. Vik var ordførar i to periodar, første gong mellom 1888 og 1898. P.C.N. Aure var ordførar i tre omgangar, første gongen mellom 1899 og 1904. Vi kan trygt seie at Sykkylven den gongen var ein Venstre-kommune.


== Sparelinja ==
== Sparelinja ==
I [[1905]] braut Noreg ut av unionen med Sverige, og på nytt somna foreininga inn nokre år. Det kunne verke som om ein trong ei alvorleg stridssak for å motivere medlemene til organisasjonsinnsats. Men i 1909 kom nokre politisk interesserte sykkylvingar saman for å blåse nytt liv i venstrelaget. Denne gongen fekk laget også kvinnelege medlemer. I desse åra vart det ei gjennombrot for den kvinnelege røysteretten. Kvinnene fekk rett til å røyste ved kommuneval i [[1907]] og i [[1913]] vart det innført røysterett for kvinner ved alle val. Men i dei styrande organa i det lokale venstrelaget var mennene framleis einerådande. Det vart valt ni styremedlemer og ni varamedlemer i [[1909]], alle var menn. Av dei 130 medlemene i foreininga var det 21 kvinner. Samanliknar ein med medlemstalet i politiske parti i lokalsamfunnet i dag vitnar dette talet om at det var stor politisk interesse i Sykkylven for om lag 100 år sidan. Men det var som nemnt ikkje alternative partiorganisasjonar å kanalisere den politiske interessa si gjennom då. Og den lokale venstreforeininga engasjerte seg tilsynelatande ikkje mykje i lokalpolitiske saker. Ho var framleis ein organisasjon som vart nytta til mobilisering framfor stortingsvala. Men også rikspolitiske saker fekk lokale konsekvensar, som til dømes skatte- og avgiftspolitikken. På det første møtet etter reorganiseringa tok lokallaget opp kostnadene ved den veksande statlege administrasjonen: ”Da en uforholdsmæssig del af Statens Indtægter medgaar til Lønninger af offentlige Tjenestemænd, særlig Æmbedsmændene, maa disse Lønninger indskrenkes. De Bestillingsmænd som er inde med Andragende om Lønsforhøielse, deriblandt Lærerne, bør ikke faa sine krav imødekommet.Denne formuleringa kunne den lokale venstreforeininga vedta utan stor indre usemje. Lokalpartiet var som nemnt heilt dominert av gardbrukarar, og det var eit gammalt og velprøvd bondekrav at dei offentlege utgiftene måtte haldast så låge som råd.  
I [[1905]] braut Noreg ut av unionen med Sverige, og på nytt somna foreininga inn nokre år. Det kunne verke som om ein trong ei alvorleg stridssak for å motivere medlemene til organisasjonsinnsats. Men i 1909 kom nokre politisk interesserte sykkylvingar saman for å blåse nytt liv i venstrelaget. Denne gongen fekk laget også kvinnelege medlemer. I desse åra vart det ei gjennombrot for den kvinnelege røysteretten. Kvinnene fekk rett til å røyste ved kommuneval i [[1907]] og i [[1913]] vart det innført røysterett for kvinner ved alle val. Men i dei styrande organa i det lokale venstrelaget var mennene framleis einerådande. Det vart valt ni styremedlemer og ni varamedlemer i [[1909]], alle var menn. Av dei 130 medlemene i foreininga var det 21 kvinner. Samanliknar ein med medlemstalet i politiske parti i lokalsamfunnet i dag vitnar dette talet om at det var stor politisk interesse i Sykkylven for om lag 100 år sidan. Men det var som nemnt ikkje alternative partiorganisasjonar å kanalisere den politiske interessa si gjennom då. Og den lokale venstreforeininga engasjerte seg tilsynelatande ikkje mykje i lokalpolitiske saker. Ho var framleis ein organisasjon som vart nytta til mobilisering framfor stortingsvala. Men også rikspolitiske saker fekk lokale konsekvensar, som til dømes skatte- og avgiftspolitikken. På det første møtet etter reorganiseringa tok lokallaget opp kostnadene ved den veksande statlege administrasjonen: «Da en uforholdsmæssig del af Statens Indtægter medgaar til Lønninger af offentlige Tjenestemænd, særlig Æmbedsmændene, maa disse Lønninger indskrenkes. De Bestillingsmænd som er inde med Andragende om Lønsforhøielse, deriblandt Lærerne, bør ikke faa sine krav imødekommet.» Denne formuleringa kunne den lokale venstreforeininga vedta utan stor indre usemje. Lokalpartiet var som nemnt heilt dominert av gardbrukarar, og det var eit gammalt og velprøvd bondekrav at dei offentlege utgiftene måtte haldast så låge som råd.  


== Fleire parti ==
== Fleire parti ==
Ei anna sak som opptok venstrepolitikarar i Sykkylven og andre plassar var lekfolk si deltaking i statskyrkjelege organ. Det var diskusjon om statskyrkjeordninga den gongen som det er i dag. Nokre ønskte at kyrkja skulle få større sjølvråderett og vona dermed å kome klar styringa frå ein verdsleg stat som ikkje var forplikta på Bibelens ord. Styremedlemene i venstrelaget i Sykkylven sa ikkje noko klart om dette spørsmålet, men stod på trygg venstregrunn då dei uttalte at lekmedlemer i kyrkja måtte ha høve til å forvalte nattverdssakramenta og kunne påverke prestetilsettingar.  
Ei anna sak som opptok venstrepolitikarar i Sykkylven og andre plassar var lekfolk si deltaking i statskyrkjelege organ. Det var diskusjon om statskyrkjeordninga den gongen som det er i dag. Nokre ønskte at kyrkja skulle få større sjølvråderett og vona dermed å kome klar styringa frå ein verdsleg stat som ikkje var forplikta på Bibelens ord. Styremedlemene i venstrelaget i Sykkylven sa ikkje noko klart om dette spørsmålet, men stod på trygg venstregrunn då dei uttalte at lekmedlemer i kyrkja måtte ha høve til å forvalte nattverdssakramenta og kunne påverke prestetilsettingar.  


Søkelvens venstreforening heldt fram med å fungere som lokalt ”valapparat” for venstre i fylket. I [[1912]] reiste ikkje dei lokale venstremennene til Molde for å velje stortingsrepresentant. Då var Sykkylven med i 2. valkrins i Romsdals amt; Nøre Sunnmøre Valkrins. På nominasjonsmøtet til krinsvenstrelaget i Ålesund august [[1912]] møtte det representantar frå fem venstrelag i Sykkylven; Søkkelvens, Indrebygdens ([[Straumgjerde]]), [[Velledalen]]s, Sørestrandens og [[Hundeidvik]]s venstrelag. Ein hovudgrunn til den breie mobiliseringa frå Sykkylven ved dette høvet var at Sykkylven sin eigen Bastian Weiberg-Aurdal kjempa om ein stortingsplass. Han måtte til slutt gje tapt for [[Knudt Otterlei]] frå [[Haram]].
Søkelvens venstreforening heldt fram med å fungere som lokalt «valapparat» for venstre i fylket. I [[1912]] reiste ikkje dei lokale venstremennene til Molde for å velje stortingsrepresentant. Då var Sykkylven med i 2. valkrins i [[Romsdals amt]]; Nøre Sunnmøre Valkrins. På nominasjonsmøtet til krinsvenstrelaget i [[Ålesund]] august [[1912]] møtte det representantar frå fem venstrelag i Sykkylven; Søkkelvens, Indrebygdens ([[Straumgjerde]]), [[Velledalen]]s, Sørestrandens og [[Hundeidvik]]s venstrelag. Ein hovudgrunn til den breie mobiliseringa frå Sykkylven ved dette høvet var at Sykkylven sin eigen Bastian Weiberg-Aurdal kjempa om ein stortingsplass. Han måtte til slutt gje tapt for [[Knudt Otterlei]] frå [[Haram]].
    
    
Det siste møtereferatet i den første lokale venstreprotokollen er ført inn i [[1915]]. Referatet er kort og konsist. Einaste saka på møtet var val av utsendingar til årsmøtet i Nordre Søndmør venstrelag. Valde vart Sivert Grebstad, P.C.N. Aure og [[Andreas L. Aure d.e.]] På dette møtet var Søkkelvens venstreforening det einaste laget frå Sykkylven, og vi kjenner igjen dei møtande representantane; P.C.N, Aure, Sivert Grebstad og [[Bastian Aursnes]]. P.C.N. Aure var uthaldande og tok i mot val som medlem i styret i krinsvenstrelaget i 1918. Han vart også vald til utsending til landsmøtet i Venstre i 1919.  
Det siste møtereferatet i den første lokale venstreprotokollen er ført inn i [[1915]]. Referatet er kort og konsist. Einaste saka på møtet var val av utsendingar til årsmøtet i Nordre Søndmør venstrelag. Valde vart Sivert Grebstad, P.C.N. Aure og [[Andreas L. Aure d.e.]] På dette møtet var Søkkelvens venstreforening det einaste laget frå Sykkylven, og vi kjenner igjen dei møtande representantane; P.C.N, Aure, Sivert Grebstad og [[Bastian Aursnes]]. P.C.N. Aure var uthaldande og tok i mot val som medlem i styret i krinsvenstrelaget i 1918. Han vart også vald til utsending til landsmøtet i Venstre i 1919.  
Linje 55: Linje 55:
Då var stordomstida til Venstre på hell. I 1920 vart [[Landmannsforbundet]] omskipa frå å vere interesseorganisasjon for bøndene til å bli eit politisk parti, [[Bondepartiet]], som skulle tale landbrukarane og bygdeinteressene si sak. Dermed fekk ikkje Venstre lenger råde grunnen åleine i landdistrikt som Sykkylven. Vi fekk også framvekst av parti som målbar interessene til industri- og anleggsarbeidarar som det vart fleire av i Sykkylven frå tida kring 1920. Arbeidarpartiet stilte i mellomkrigsåra liste ved kommuneval, og i 1937 fekk vi jamvel ei rein kvinneliste ved lokalval, visstnok ei av to slike på landsbasis dette året. Den lokale partifloraen vart altså rikare utover i mellomkrigsåra, men dei som la grunnlaget for partiarbeidet i Sykkylven, var pionerane i det lokale venstrelaget.
Då var stordomstida til Venstre på hell. I 1920 vart [[Landmannsforbundet]] omskipa frå å vere interesseorganisasjon for bøndene til å bli eit politisk parti, [[Bondepartiet]], som skulle tale landbrukarane og bygdeinteressene si sak. Dermed fekk ikkje Venstre lenger råde grunnen åleine i landdistrikt som Sykkylven. Vi fekk også framvekst av parti som målbar interessene til industri- og anleggsarbeidarar som det vart fleire av i Sykkylven frå tida kring 1920. Arbeidarpartiet stilte i mellomkrigsåra liste ved kommuneval, og i 1937 fekk vi jamvel ei rein kvinneliste ved lokalval, visstnok ei av to slike på landsbasis dette året. Den lokale partifloraen vart altså rikare utover i mellomkrigsåra, men dei som la grunnlaget for partiarbeidet i Sykkylven, var pionerane i det lokale venstrelaget.
   
   
Framleis er Venstre ein viktig aktør, både i lokalpolitikken og på riksnivået. I valperioden 2011 – 2015 har Sykkylven Venstre inne to representantar i Sykkylven kommunestyret, dei same to som sat i den førre perioden; [[Arne Bakkedal]] og [[John Kenneth Brenne]]. Men stillinga som partiet hadde i Sykkylven mot slutten av 1800-åra, får det nok likevel aldri tilbake.
Framleis er Venstre ein viktig aktør, både i lokalpolitikken og på riksnivået. I valperioden 2011 – 2015 hadde Sykkylven Venstre inne to representantar i Sykkylven kommunestyre, dei same to som sat i den førre perioden; [[Arne Bakkedal]] og [[John Kenneth Brenne]]. Men stillinga som partiet hadde i Sykkylven mot slutten av 1800-åra, får det nok likevel aldri tilbake.


==Kjelder:==
==Kjelder:==
Linje 68: Linje 68:
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Venstre]]
[[Kategori:Venstre]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
{{nn}}
Veiledere, Administratorer
173 321

redigeringer