Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 28. jan. 2016 kl. 22:05 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovudrommet i den tidlegare synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim.
Foto: Ukjent, tidleg i 1920-åra
Parókhet (arkforheng) frå synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim, datert 5670 (1909/1910). Parókheten vart attfunnen i 2009 og er no utstilt i Det jødiske museum i Trondheim.
Foto: Olve Utne

Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (aktiv 18991925) låg i loftsetasjen av St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Av bildet ser vi at benkene alle snur framover, og at bimen (tebáen) er ein del av plattforma fremst i rommet, rett under or’n keides (Hekhál). Denne måten å plassere bimen på er typisk for nyare asjkenaziske synagogar — særleg blant progressive og masorti meinigheiter.

Synagogen var i bruk fram til den noverande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Ein del av inventaret frå synagogen i St. Jørgensveita 7 finst i dag i den nye synagogen — blant anna arka, sjulḥánen (lesepulten) og eit par benker. Bygninga finst stadig og fungerer no som privat bustad.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 63.42927° N 10.39823° Ø