Teledølen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jul. 2017 kl. 14:15 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0533 1.jpg|Teledølen sitt trykkeri- og forretningslokale på Notodden vart bygd i 1930.|Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Teledølen sitt trykkeri- og forretningslokale på Notodden vart bygd i 1930.
Foto: Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Teledølen var ei avis med nedslagsfelt på Notodden og Aust-Telemark. Bladet kom fyrste gongen ut våren 1905.

Historikk

Teledølen vart grunnlagt av Ola Storeng våren 1905. Avisa var omtrent jamngamal med Norsk Hydro som året før hadde etablert seg på Notodden. Det var Norsk Hydro som frå byrjinga gav støtte til avisa, og som gjorde at den vaks i omfang utover 1900-talet. I byrjinga var Teledølen ein femspalta liten lapp som kom ut to gonger i veka. Etterkvart vart avisa publisert tre gonger i veka, før ho vart eit dagblad i 1913. Dagbladet verka som eit annonseringsorgan for bedriftene i Aust-Telemark, særleg på Notodden.

I 1916 solgt Storeng avisa til redaktør Olav Eide som i 1918 solgte ho vidare til forretningsførar Halvor Kise og boktrykkar Kr. Ormestad. Ormestad solgte i 1926 sin halvpart i avisa til Halvor Kise og Karl Eide som etter dette verka som omsynsvis disponent og redaktør på 1940-talet.

Teledølen vart utgitt fram til 1943. Frå 1945 vart den tatt opp att, og vart utgitt fram til 1973 då den vart nedlagt. Avisa var i hovudsak eit organ for Venstre, men i avisa sitt siste leveår vart det forhandla med både Venstre og Senterpartiet for å koma fram til ei avtale om vidare utgivelse.

Arkiv

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Oppføring på arkivportalen.