Telemark Birøkterlag

Telemark Birøkterlag vart skipa i 1909. Frå byrjinga heitte laget Bratsberg Amts Biavlsforbund.

Bimøte der ein undersøker ei bikube.

Historikk

Det var skreddarmeister Mathisen frå Langangen som gjorde opptaket til laget. Kring 1950 hadde laget 21 lokale birøktarlag i heile fylket. Laget administrerte birøkten i fylket og arbeidde for å stadig betre denne. Ein dreiv også formidlingsverksemd om næringa ved forskjellige stemne.

Telemark Birøkterlag fekk økonomisk støtte frå Telemark Landbruksselskap.

Formenn

Den fyrste formannen i birøktarlaget var faglærar Engh frå Porsgrunn. Han gjekk under kallenamnet "Bipappa".

  • Faglærar Engh, Porsgrunn.
  • Rådmann H. E. Kjølseth, Porsgrunn.
  • Ingeniør Erik Cappelen Knudsen, Borgestad.
  • Grosserer Lunder.
  • Revisor Martin Thelin, Skien.
  • Erling Eikeland, Porsgrunn.
  • J. Lillefjære, Solum.

Akiv

Arkivet etter Telemark Birøkterlag er ordna ved Telemark Museum. Sjå oppføringarkivportalen.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.