Tofte (Fyresdal gnr. 85/6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. jun. 2020 kl. 11:55 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Tofte (Fyresdal gnr. 85/6)''' er ein eigedom på Øyane i Veum i Fyresdal. På folkemunne berre kalla '''Meieriet'''. Dette er eit bureisingsbruk frå 1920 åra.…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tofte (Fyresdal gnr. 85/6) er ein eigedom på Øyane i Veum i Fyresdal. På folkemunne berre kalla Meieriet.

Dette er eit bureisingsbruk frå 1920 åra. Det vart bygd eit stort våningshus i to høgder i 1920 og ein driftsbygning i 1922. Det vart rydda jord slik at eigedomen vart på 14-16 mål og der var eit enkelt dyrehald. Periodevis var det utleige av rom, mellom anna til elevar ved "framhaldsskulen" på Øyane, elevar kom frå Fjellgardane og Hauggrend til skulen her. Der var og jamleg kringreisande emisærar i huset.

I bygningen var grovkjøkken til bærsanking, slakt og meieriprodukter som smør og mjølk. Frå 1920 var her meieri, Veum Smørlag heldt til her. Dei som levera mjølk til meieriet var dei størsta gardane med 3-4 kyr eller fleire, mindre bruk med 1-3 kyr levera smør. Meieriet separera mjølka og laga ost og smør for salg vidare. Folk som ikkje hadde kyr kaupte mjølk i spann. Meieriet vart drive av Anne-Johanne og Signe Tortveit.


Biletgalleri


Kjelde

Nedrebø, Ketil: Opplysningar skrive ned i 2002.