Tor Esaissen: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: <onlyinclude>{{thumb|Ou1994 Moskenes Tor Esaissen.jpg|Tor Esaissen med sjølvportrett i tre og piggtråd i Galleri Krysset i Sørvågen.|Olve Utne}} '''Tor Esaissen''' (f. [[30. nov...) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 23: | Linje 23: | ||
[[kategori:kunst i Nordland]] | [[kategori:kunst i Nordland]] | ||
[[kategori:kunst i Sør-Trøndelag]] | [[kategori:kunst i Sør-Trøndelag]] | ||
[[kategori:fødsler | [[kategori:fødsler 30. november]] | ||
[[kategori:fødsler i 1936]] | [[kategori:fødsler i 1936]] | ||
{{f1}} | {{f1}} |
Sideversjonen fra 10. mai 2012 kl. 14:37
Tor Esaissen (f. 30. november 1936 i Trondheim) er ein bildekunstnar som i mange år har budd og arbeidd i Lofoten — sidan 1994 i sitt eige atelier og galleri, Galleri Krysset i Sørvågen i Moskenes kommune.
Utdaning
Tor Esaissen begynte studia ved Kunstskolen i Trondheim i 1951 og fortsette ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo, Statens Kunstakademi, Det Kgl. Danske Kunstakademi i København, og endelig ved Académie des Beaux-Arts i Paris i studieåret 1959/60.
Arbeid
Frå 1960 til 1971 arbeidde Tor Esaissen i heimbyen Trondheim; først ved Katedralskolen, og seinare ved Charlottenlund realskole/ungdomsskole og Dronning Mauds Minne. I eit tiår frå midten av 1970-åra budde han i Oslo, og i 1986 flytta han til Svolvær, og vidare til Sørvågen i 1992. I Lofoten har han bl.a. undervist ved Barnekunstskolen i Stamsund. Tillitsverv inkluderer Lofoten Kunstforum (formann) og Nord-Norske Bildende Kunstnere (formann).
Våren 2010 heldt han kunstutstillinga «Nei til oljeboring» i Galleri Krysset. Utstillinga vart opna laurdagen den 24. april og varte nokre veker fram mot turistsesongen.
Kjelder
Lenkjer
- «Galleri Krysset» på Lofoten-art.no