Torge (Elverum)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. aug. 2009 kl. 07:08 av Frode Myrheim (samtale | bidrag) (Ny side: Torge er ein namnegard i Elverum, nærmare bestemt i bygda Hernes - aust for Leiret. Namnet er ikkje kjent i skrift før i gjengjerden i 1528, da namnet er skrivi Torg. Neste gang namnet er...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Torge er ein namnegard i Elverum, nærmare bestemt i bygda Hernes - aust for Leiret. Namnet er ikkje kjent i skrift før i gjengjerden i 1528, da namnet er skrivi Torg. Neste gang namnet er nemnt er i jordeboka for Akershus len frå 1577 - 1578, da som Torre eller Toere. Iallfall frå kontribusjonen i 1652 (skattematrikkelen 1647) er namnet mistydande skrivi som Torrud. Garden var rekna som halvgard med ei skyld på 2 hudar. Torge har ikkje vori bruksdelt i historisk tid. Truleg skriv namnet seg frå ei fleirtalsform gamalnorsk Torgar av torg og namnet sikter vel til at at det har vori ein handelsplass her - kanskje tilbake til vikingetida. Til trass for at matrikkelen både i 1886 og 1903 har skriftforma Torge har - dessverre - fleire offisielle kart i dag forma Torud. Denne forma Torud er ei etymologisk avsporing frå dansketida, og for å seie det med vår store namnegranskar O. Ryghs eigne ord I senere Tid var det (Torge) her ved grov Misforstaaelse blevet til Torrud. Litteratur: Oluf Rygh: Norske Gaardnavne Tredie Bind Hedemarkens amt (1900), s. 317f. Stian Herlofsen Finne-Grønn: Elverum en bygdebeskrivelse I. Andet halvbind. Gaardshistorie med ættetavler (1914), s. 527f. Kari Lintoft: Elverum Bygdebok Bind 7 Del I Vestre Hernes (2002), s. 184.