Tusvik Handel

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. apr. 2015 kl. 19:48 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Tusvik Handel AS''' var ei daglegvareforretning i Tusvik i Sykkylven. Tusvik er ein av dei eldste handelsstadane i kommunen, og var i si tid den einaste handelsstaden i heile Valle sk...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tusvik Handel AS var ei daglegvareforretning i Tusvik i Sykkylven. Tusvik er ein av dei eldste handelsstadane i kommunen, og var i si tid den einaste handelsstaden i heile Valle skipreide.

Fleire ulike slekter har halde til der. I butikken nede på kaia handla Lars Kjemphol frå 1892, deretter son hans, Alfred Kjemphol frå 1918. Han sette opp forretningsbygg oppe ved vegen i 1960-åra og flytte handelen dit. Svigerson hans, Bjarne Saltre, overtok i 1968 og skipa då sitt eige firma, Tusvik Handel A/S.

Vareutvalet var kolonivarer, noko jarnvarer (spikar og mindre verkty) litt manufaktur, dei første åra også kunstgjødsel og formjøl. I 1981 vart aksjekapitalen utvida til 50.000 kroner, og lokala nyinnreidde til såkalla sjølvhjelpsbutikk.

Med betring i kommunikasjonane vart det enklare for folk i utkantane å kome til sentrum for å handle. Eit av resultata var minkande omsetning i daglegvarebutikken i Tusvik, og då Bjarne Saltre pensjonerte seg var det ingen som stod klare til å ta over drifta.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.