Tuva turisthytte

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jun. 2013 kl. 20:16 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Ny side: Tuva turisthytte ligg på 1148 moh sør for Tuvatjørne, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 40 senge- og sovesalsplassar (2013). Både sumar og vinte...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tuva turisthytte ligg på 1148 moh sør for Tuvatjørne, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 40 senge- og sovesalsplassar (2013). Både sumar og vinter er ho dessutan serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo.

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva. Ei av stølsbuene er bygd inn i hovudhuset til turisthytta. På eigedomen er det fleire hus knytta til turisthytta, og litt opp i bakken ligg ei nyare stølsbu og ruinar etter ei steinbu. I området er også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Turisthyttebygningane og stølshusa ligg i den midtre av desse.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige.

Margit Olsdotter Flatåker (1852-1883) gifta seg i 1876 med Guttorm Olson Guttormsgard (1834-1929), skreppehandlar frå Uvdal. Året etter kjøpte dei Flatåker med stølar av bror hennar, Ola, som sjølv flytta til Mauredokki (gnr 82, bnr 2). Frå 1878 kunne Margit og Guttorm stille tre sengeplassar til disposisjon for Den norske turistforening på Tuva. Kor ofte desse vart brukt veit vi ikkje, for hyttebøkene har brent, men turisttrafikken var antakeleg beskjeden fram til Bergensbanen kom i 1909. DNT-hytta Krækkja lenger vest på vidda, hadde mest ikkje besøk dei fyrste åra etter at ho opna i 1878.

Med auka pågang etter 1909 både frå jegarar og andre turistar på Tuva, vart det marknad for å utvide. I 1915 bygde sonen til Margit og Guttorm, Ola (1877-1948), ut stølen til turisthytte og utvida i 1936 til 30 sengeplassar. Kona Birgit (1875-1958) haldt fram med å støle parallelt med turistverksemda. Også på Flatåker dreiv Ola og Birgit som gjestgjevarar. Garden hadde skysstasjon og også landhandel, postkontor og telefonstasjon.

Områda rundt Tuva var attraktive for kjøpesterke folk med jakt og fiske som fritidssyssel, og mellom 1914 og 1949 var jakt- og fiskerettar som låg til Tuva-eigedomen leigd ut til banksjef Carl Bugge, Hans K. Fleischer og Hans Bergsland.

Ola og Birgit hadde både Mauredokki og Flatåker. Georg (f. 1905), eldste sonen, overtok Flatåker og stølen nordre Tuva i 1946, medan den nest eldste, Olav (f. 1908), overtok Mauredokki og Tuva turisthytte i 1942. Olav og kona Laila (f. 1923) dreiv stølen og turisthytta parallelt i fleire år.

Reisevegen til Nordre Tuva var om lag 15 km. I 1952 vart det bygd bilveg frå bygda og fram til Brennbu, om lag to km aust for Tuva. Vegen vart ført heilt fram til stølen på byrjinga av 1960-talet. Dottera Aileen minnest: ”Med gummihjul ble det for første gang mulig å få med seg eggene til fjells utan at hvitte og plomme ristet sammen underveis. Endelig fikk vi skikkelige speilegg i fjellet også!” På 1960-talet fekk dei dessutan snøskuter, slik at transporten på vinterstid også vart mindre strevsam enn han hadde vore med hest og slede. Aileen Flatåker og mannen Peter Schindewolf overtok turisthytta i 1975, og i 1979 utvida og moderniserte dei.