Tycho C. Jæger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Esehaugen - Jæger.jpeg

Tycho Christoffer Jæger levde nesten 40 år av livet sitt i ei lita bygd ved Sognefjorden på 1800-talet.

Ein dag på 1850-talet kom ein kar til Feios. Han kom frå Bergen. Denne mannen var kunstmålar og han busette seg i bygda for godt. Han var fødd i Bergen den 25.juli 1819. Far var skomakarmeister Tycho og mora var Øllegård Jæger. Da han kom til Feios, slo han seg ned som handelsmann, gardbrukar og kunstnar, og han vart buande i bygda til sin død den 31.januar i 1889. Den 21.september 1870 gifta han seg i Feios kyrkje med Amalia Steen-Dahl frå Bergen. Dei fekk borna Øllegård i 1871, Tycho i 1873 og Corneius i 1876. Huset han budde i på Esehaugen, er i dag i bruk av familien som overtok eigedomen etter ekteparet Jæger.

Tycho C. Jæger byrja i skomakarlære hjå faren i Bergen, men drog etter ei tid til København for å ta utdanning i teikning med tanke på ein kunstnarkarriere. Han avbraut utdanninga etter 2 år og drog tilbake til Bergen i 1846. Ut frå samtida fekk målarkunsten innpass hjå borgarskapet, og han fann si nisje som landskapsmålar. I perioden han budde i Feios var han ofte på reise på Vestlandet og til og med oppover til Helgeland.


Kjelder:

Gjerstad, Jo. Bergen - slik den var. Bodoni Forlag 2012.

Rinde, J.M.B.red. Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Feios sokn 2016.