Ungdomshuset Vårvon: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 13: Linje 13:
Berge Hjørungnes kom tilbake til Straumgjerde i januar 1996 og gjennomførte då ei synfaring i ungdomshuset. Han orienterte interesserte frammøtte om bygget og tida det vart ført opp i. Forsamlinga gjekk så vidare til skulen der det vart konstituerande styremøte. Den førre leiaren, [[Leif Magne Tandstad]] kunne på dette møtet overrekke styrepapira til nyvald leiar [[Erling Opdahl]] jr. Med Opdahl som drivkraft for eit breidt samansett styre starta ein tålmodig gjenreisingeperiode for hus og lag.  
Berge Hjørungnes kom tilbake til Straumgjerde i januar 1996 og gjennomførte då ei synfaring i ungdomshuset. Han orienterte interesserte frammøtte om bygget og tida det vart ført opp i. Forsamlinga gjekk så vidare til skulen der det vart konstituerande styremøte. Den førre leiaren, [[Leif Magne Tandstad]] kunne på dette møtet overrekke styrepapira til nyvald leiar [[Erling Opdahl]] jr. Med Opdahl som drivkraft for eit breidt samansett styre starta ein tålmodig gjenreisingeperiode for hus og lag.  


Den første tida måtte kreftene naturleg nok konsentrerast om den fysiske istandsetjinga av huset. Ein såg raskt at her måtte det dramatiske tiltak til. Kjellaren var sterkt fuktskada og i tillegg var rominndelinga lite praktisk for laget sine framtidige behov. Det som var ønsket var å få til ein fin og romsleg kjellarsal som kunne brukast til festlege samkome og ymse møte i krinsen. Styret ønskte å leggje innreiinga opp i samvar med retningslinjene til fylkesarkitekten og han gav tilrådingar som i hovudtrekk vart følgde. Ein vart imidlertid stilt nokså fritt når det gjaldt innreiinga av kjellaren. Det var mindre rom for improvisasjonar i hovudsalen. Her var det også mindre ein trong å gjere i første omgan. Som Hjørungnes tidlegare hadde påpeika var salen vakker og med mange gjennomarbeidde detaljar. Salen var også i forbausande god forfatning og den var åleine grunn god nok til å setje i gang bergingsarbeidet.
Den første tida måtte kreftene naturleg nok konsentrerast om den fysiske istandsetjinga av huset. Ein såg raskt at her måtte det dramatiske tiltak til. Kjellaren var sterkt fuktskada og i tillegg var rominndelinga lite praktisk for laget sine framtidige behov. Det som var ønsket var å få til ein fin og romsleg kjellarsal som kunne brukast til festlege samkome og ymse møte i krinsen. Styret ønskte å leggje innreiinga opp i samvar med retningslinjene til fylkesarkitekten og han gav tilrådingar som i hovudtrekk vart følgde. Ein vart imidlertid stilt nokså fritt når det gjaldt innreiinga av kjellaren. Det var mindre rom for improvisasjonar i hovudsalen. Her var det også mindre ein trong å gjere i første omgang. Som Hjørungnes tidlegare hadde påpeika var salen vakker og med mange gjennomarbeidde detaljar. Salen var også i forbausande god forfatning og den var åleine grunn god nok til å setje i gang bergingsarbeidet.


Kjellarsalen var det første dugnadsprosjektet som vart gjennomført. Sjølv om restaureringsarbeidet tok det meste av arbeidskrafta til styret desse åra, vart det også lagt ned ein innsats for å skape aktivitetar i krinsen i god ungdomslagstradisjon. Det vart arbeidd for å tenne teaterinteressa blant dei yngste og frå slutten av 90-åra har det vore god teateraktivitet mellom dei yngste i huset. Hovudsatsinga på arrangementssida var lenge [[Straumgjerdedagen]]. Det var styremedlem Petter Jarnes  som i 1995 tok opp tanken om å få til ein aktivitedsdag sommaren der både friområdet ved laguna og ungdomshuset kunne brukast. Særleg Ta sjansen-tevlinga i laguna har vore ein fulltreffar som kvar sommar i fleire år trekte mange hundre menneske til Straumgjerde. Eit par år utvida ungdomslaget Straumgjerdedagen slik at det var arrangement over to dagar.  
Kjellarsalen var det første dugnadsprosjektet som vart gjennomført. Sjølv om restaureringsarbeidet tok det meste av arbeidskrafta til styret desse åra, vart det også lagt ned ein innsats for å skape aktivitetar i krinsen i god ungdomslagstradisjon. Det vart arbeidd for å tenne teaterinteressa blant dei yngste og frå slutten av 90-åra har det vore god teateraktivitet mellom dei yngste i huset. Hovudsatsinga på arrangementssida var lenge [[Straumgjerdedagen]]. Det var styremedlem Petter Jarnes  som i 1995 tok opp tanken om å få til ein aktivitedsdag sommaren der både friområdet ved laguna og ungdomshuset kunne brukast. Særleg Ta sjansen-tevlinga i laguna vart ein fulltreffar som kvar sommar i fleire år trekte mange hundre menneske til Straumgjerde. Eit par år utvida ungdomslaget Straumgjerdedagen slik at det var arrangement over to dagar.  


Ut av lagsmiljøet voks det etter kvart fram ei gruppe som tok opp tanken om å skipe til revy i ungdomshuset. Nokre av kreftene i gruppa, til dømes [[Petter Jarnes]], hadde erfaringar frå tidlegare revyaktivitetar på huset. I 2002 kom den første revyen; Polstra truser på blå resept. Ved sida av Petter Jarnes var [[Hilde Straumsheim]] sentral som tekstforfattar, instruktør og skodespelar. Dei følgjande åra vart det ein god påsketradisjon i Straumgjerde og Sykkylven elles å innleie høgtida med revy palmehelga. På grunn av god publikumsinteresse fekk ungdomslaget, som eigar av huset Vårvon, betre økonomi og midlar til å ruste huset vidare opp. Dei første åra var det trangt for revygjengen, då alle måtte skifte og ordne seg mellom innslaga i eit lite garderoberom. Fram til jubileumsåret 2012 vart det ført opp eit romsleg nybygg i tre høgder med god plass og moderne fasilitetar for publikum og aktørar. Drivkraft i utbyggingsarbeidet var leiar i ungdomslaget, Jarle Strømmegjerde. Pensjonert entreprenør Svein Flåthe hadde lagt ned om lag to årsverk i dugnadsarbeid då huset stod ferdig til jubileumsrevyen påska 2012. Det siste store løftet i dugnadsprosjektet var restaurering av storesalen som vart måla og dekorert akkurat slik han var då han vart innvigd romjula 2012.
Ut av lagsmiljøet voks det etter kvart fram ei gruppe som tok opp tanken om å skipe til revy i ungdomshuset. Nokre av kreftene i gruppa, til dømes [[Petter Jarnes]], hadde erfaringar frå tidlegare revyaktivitetar på huset. I 2002 kom den første revyen; Polstra truser på blå resept. Ved sida av Petter Jarnes var [[Hilde Straumsheim]] sentral som tekstforfattar, instruktør og skodespelar. Dei følgjande åra vart det ein god påsketradisjon i Straumgjerde og Sykkylven elles å innleie høgtida med revy palmehelga. På grunn av god publikumsinteresse fekk ungdomslaget, som eigar av huset Vaarvon, betre økonomi og midlar til å ruste huset vidare opp. Dei første åra var det trangt for revygjengen, då alle måtte skifte og ordne seg mellom innslaga i eit lite garderoberom. Fram til jubileumsåret 2012 vart det ført opp eit romsleg nybygg i tre høgder med god plass og moderne fasilitetar for publikum og aktørar. Drivkraft i utbyggingsarbeidet var leiar i ungdomslaget, Jarle Strømmegjerde. Pensjonert entreprenør Svein Flåthe hadde lagt ned om lag to årsverk i dugnadsarbeid då huset stod ferdig til jubileumsrevyen påska 2012. Det siste store løftet i dugnadsprosjektet var restaureringa av storesalen som vart dekorert og utstyrt akkurat slik han var då huset var nytt.


Ungdomslaget Samhald fekk Sykkylven kommunes kulturpris for arbeidet med restaureringa av det gamle ungdomshuset i 2009.
Ungdomslaget Samhald fekk Sykkylven kommunes kulturpris for arbeidet med restaureringa av det gamle ungdomshuset i 2009.
Skribenter
1 484

redigeringer