Ustaoset: Forskjell mellom sideversjoner

2 596 byte lagt til ,  9. mai 2012
Topografi, navn, tidlig bosetting
(småfiksing)
(Topografi, navn, tidlig bosetting)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb høyre|Ustaoset stasjon.jpg|Ustaoset stasjon.|Marianne Wiig.}}[[Ustaoset]] er ei hyttegrend i [[Hol kommune]] i [[Hallingdal]] i [[Buskerud fylke]], som vart bygd opp kring [[Ustaoset stasjon]] (990,6 moh) på [[Bergensbanen]] frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på [[Osestølen]], som alle høyrde til garden [[Vindegg (Hol)|Vindegg]] i [[Kvisla]], aust for [[Geilo]]. Det var kring denne stølen at [[Ustaoset hotell]] og dei fyrste hyttene vart bygde.
{{thumb høyre|Ustaoset stasjon.jpg|Ustaoset stasjon 2009.|Marianne Wiig.}}[[Ustaoset]] er ei hyttegrend i [[Hol kommune]] i [[Hallingdal]] i [[Buskerud fylke]], som vart bygd opp kring [[Ustaoset stasjon]] (990,6 moh) på [[Bergensbanen]] frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på [[Osestølen]], som alle høyrde til garden [[Vindegg (Hol)|Vindegg]] i [[Kvisla]], aust for [[Geilo]]. Det var kring denne stølen at [[Ustaoset hotell]] og dei fyrste hyttene vart bygde.


== Kjelde ==
== Topografi ==


Ustaoset er naturleg avgrensa mellom [[Hallingskarvet]] i nord og [[Nordre Nordmannsslepa]] i sør, og mellom elvene [[Eima (Hol)|Eima]] i aust og Karistølbekken i vest. Det vel tre mil lange Hallingskarvet ragar i landskapet, med Folarskardsnuten på 1933 moh som høgste punkt. Nedunder Skarvet er det gode beite, og mellom elvane og vatna ligg det tufter og stølar frå ulike periodar. Usta eller [[Ustevatnet (Hol)|Ustevatnet]] nede i dalbotnen, er det nest største vatnet i Hol, og det går i vest over i [[Sløtvatnet (Hol)|Sløtvatnet]] ved [[Haugastøl]].
== Namnet ==
Sentrum av Ustaoset med Osestølen ligg nær staden der Usteåne eller [[Ustaelva (Hol)|Ustaelva]] renn ut or Ustevatnet. Førsteleddet "Ust-" er brukt i fleire stadnamn i området og har vore tolka på fleire måtar. Ifølgje Gunnleik Akselberg <ref>[http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/programmer_nrk_hordaland/sprakspalten/1.6835054 NRK Hordalands Språkspalte.]</ref> heng det truleg saman med den germanske rota "us", som betyr "å brenne", og som kan gjelde både elva og vatnet. Men det kan òg ha samanheng med det norrøne "ast" eller "ost", som betyr "kjærleik", eller kome av det høgtyske "Unst", som betyr "gunst" eller "velvilje".
== Den fyrste busetjinga ==
Oldsaksamlinga i Oslo har registrert fleire funn frå steinalderen på Ustaoset, særleg kring Ustevatnet<ref>[http://www.dokpro.uio.no/perl/arkeologi/visetekst.cgi?DATABASE=O&KRYSS16006%40=on&KRYSS16006%40=on&KRYSS16007%40=on&KRYSS16007%40=on&KRYSS16007%40=on&KRYSS16007%40=on&KRYSS16007%40=on&KRYSS16008%40=on&KRYSS16008%40=on&KRYSS16008%40=on&KRYSS16008%40=on&KRYSS16008%40=on&KRYSS16008%40=on&KRYSS16009%40=on&KRYSS16009%40=on&KRYSS16009%40=on&KRYSS16010%40=on&KRYSS16010%40=on&KRYSS16010%40=on&KRYSS16011%40=on&KRYSS16011%40=on&KRYSS16011%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on&KRYSS16012%40=on Funn registert i tilvekstkatalogen til Oldsaksamlinga, Universitetet i Oslo.]</ref>. Mest omfattande er funna frå ein buplass på øya Digernes, der det er registrert eit rikt utval av reiskapar og verkty, samt brente beinrester og fordjupingar som kan ha vore brukt som kokegroper. Det er også registrert funn etter steinalderbuplassar på halvøya Buodden, ved Vikastølen og nedanfor Meinsethovda.
== Fotnoter ==
<references/>
== Kjelder ==
* Reinton, Lars og Sigurd: ''Folk og fortid i Hol''. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982.
* Solhjell, Kåre Olav: ''Hol i hundre år''. Utg. Hol kommune, 2000. B.1.  
* Solhjell, Kåre Olav: ''Hol i hundre år''. Utg. Hol kommune, 2000. B.1.  


[[Kategori:Hol kommune]]
[[Kategori:Hol kommune]]
{{stubb}}
30 545

redigeringer