Ustaoset: Forskjell mellom sideversjoner

2 112 byte lagt til ,  17. sep. 2012
Bergensbanen og Ustaoset stasjon
(korrigert geo. avgrensning)
(Bergensbanen og Ustaoset stasjon)
Linje 28: Linje 28:


Gå til [[Setrar på Ustaoset (Hol)|oversyn over langstølar på Ustaoset]].
Gå til [[Setrar på Ustaoset (Hol)|oversyn over langstølar på Ustaoset]].
== Bergensbanen og Ustaoset stasjon ==
Med jernbanen vart det marknad for lønnsarbeid på Ustaoset. Fleire av stølseigarane fekk seg attåtnæring, fyrst i samband med anleggsarbeidet, men etter kvart kom dei største biinntektene frå turistane som gjekk av toget på Ustaoset stasjon.
Bergensbanen vart offisielt opna i november 1909, men alt frå slutten av 1890-talet auka aktiviteten langs med Ustevatnet. Fyrst skulle traseen stikkast, og dei som arbeidde med dette budde gjerne i teltleirar, mellom anna ved Osestølen. Frå 1903 kom sjølve anleggsarbeidet mellom Haugastøl og Geilo i gong, under leiing av ingeniør Kvam. På Ustaoset leigde Ola M. Vindegg ut rom til jernbanefolka i det som seinare skulle bli Ustaoset hotell. Om vintrane var det liten aktivitet på jernbanen. Då vart det berre arbeidd i tunellane. Men tidleg på våren kom anleggsarbeidarane vandrande oppover dalen i store flokkar. Få av desse var hallingar, men nokre av dei gjorde hallingar av seg.
Hausten 1905 var det meste ferdig langs Ustevatnet, og 9. oktober 1907 var skinnene mellom aust og vest klare til å koplast  saman. Det skjedde ved tunnelen rett aust for Ustaoset under ei uoffisiell,  men høgtideleg markering. Dei frammøtte frå jernbanen, bygda og pressa, vart møtt med grøne greiner og norske flagg og underhaldt med talar og ”Ja, vi elsker”. Ingeniørane Harald Skavlan og Peter Støren kom med tog frå kvar sin kant og fekk skrudd saman skinnene med skøytejern i rødt, hvitt og blått. Deretter vart toga kopla saman og kursen sett vestover. 
At banen skulle gå gjennom Hallingdal og Ustedalen var ikkje sjølvsagt. Stortinget vurderte fleire trasear, og både Numedal og austre dalføret i Hol var aktuelle alternativ. Statsbanane hadde heller ingen planar om stasjon på Ustaoset, men dei la eit militært kryssingsspor her, og det ga stølseigarane grunnlag for å søkje om mellombels stasjon i setertida. Snart kom turistane med på laget, og desse viste seg å vere ei sterk pressgruppe. Frå 1911 stansa toga på signal i påsken, og året etter stoppa dei her heile året.


== Fotnotar ==
== Fotnotar ==
Linje 42: Linje 52:
[[Kategori:Ustaoset| ]]
[[Kategori:Ustaoset| ]]
[[Kategori:Setrer i Buskerud]]
[[Kategori:Setrer i Buskerud]]
{{F2}}
{{F1}}
30 475

redigeringer