Velledalen Fabrikker

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. des. 2012 kl. 20:33 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Velledalen Fabrikker AS var ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1946 under namnet Velledalen Lenestolfabrikk av Fridtjof Drabløs, Jon Hjortdal og Ole P. Brunstad. Dei s...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Velledalen Fabrikker AS var ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1946 under namnet Velledalen Lenestolfabrikk av Fridtjof Drabløs, Jon Hjortdal og Ole P. Brunstad. Dei skaut inn ein aksjekapital på 15.000 kroner. Tidlegare hadde dei tre karane frå Velledalen drive møbelproduksjon saman med Hjalmar Brunstad. Også etter at dei skilde lag, var dei saman om trevareavdelinga, som var i kjellaren i Jørngarden på Brunstad. Stopping og samansetjing hadde Velledalen Lenestolfabrikk første året i bedehuskjellaren på Hjortdal. Etter kort tid kjøpte dei det tidlegare meieriet i Velledalen av Olav Parr for 23.000 kroner. Meieriet var då berre eit lite bygg på ein etasje pluss kjellar, så i 1949 bygde dei nye eigarane på huset med ei høgd. Til saman fekk dei då disponere ei golvflate på 700 kvadratmeter.