Vestlandske Møbler: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 5: Linje 5:
== Nye verksemder i ei krisetid ==
== Nye verksemder i ei krisetid ==

Vestlandske, eller A/S Sykkylven kurvvarefabrikk, som var namnet på bedrifta til 1932, var ikkje den einaste møbelverksemda som kom i gang i Sykkylven i 1929. Både [[Kurvmøbelfabrikken Solid]] og [[Møre Kurvmøbelfabrikk]] vart starta dette året, samstundes som krakket kom i børsgata Wall Street i New York. Det kan synest underleg at nystarting av fleire verksemder kom på eit tidspunkt då verdsøkonomien nærast rasa saman. Men kanskje er det nettopp i slike periodar det ligg best til rette for nyskaping. Det var i det etablerte næringslivet byggverk rasa i hop. I staden for dei gamle organisasjonane kom det nye, som bar fram andre idear. Varer av ymse slag vil folk alltid spørje etter. Det avgjerande er om det er dei rette varene til dei rette prisane.
{{thumb høyre|Vestlandske Møbler montering.jpg|Montering av nytt produksjonsutstyr (1942).}}Vestlandske, eller A/S Sykkylven kurvvarefabrikk, som var namnet på bedrifta til 1932, var ikkje den einaste møbelverksemda som kom i gang i Sykkylven i 1929. Både [[Kurvmøbelfabrikken Solid]] og [[Møre Kurvmøbelfabrikk]] vart starta dette året, samstundes som krakket kom i børsgata Wall Street i New York. Det kan synest underleg at nystarting av fleire verksemder kom på eit tidspunkt då verdsøkonomien nærast rasa saman. Men kanskje er det nettopp i slike periodar det ligg best til rette for nyskaping. Det var i det etablerte næringslivet byggverk rasa i hop. I staden for dei gamle organisasjonane kom det nye, som bar fram andre idear. Varer av ymse slag vil folk alltid spørje etter. Det avgjerande er om det er dei rette varene til dei rette prisane.

I Sykkylven kom dei i gang med produksjon av billege korgmøblar til prisar som folk flest kunne sjå seg råd til. Den enkle korgstolen 71, som var Vestlandske sin første modell, vart levert fraktfritt i Oslo for ni kroner. Det var ikkje råd for konkurrentane i [[Oslo]], t.d. korgmakar [[Hallingstad]], å by under slike prisar. Hallingstad hadde fagfolk i arbeid, dei kunne korgmakaryrket fullt ut. På Vestlandske, og i dei andre korgmøbelverksemdene, la dei opp arbeidet etter samlebands- eller serieprinsippet, som dei hadde henta frå [[P.I. Langlo]] på [[Stranda]]. Han var igjen inspirert av moderne fabrikasjonsprinsipp utvikla i USA. Dei nye møbelfabrikantane let unge menneske, utan fagleg bakgrunn, spesialisere seg på avgrensa operasjonar. Slik kunne ungdomane raskt lære seg oppgåvene sine, og gjennom prestasjonslønssystem vart det også stimulert til effektiv og hurtig produksjon. Til å lære opp dei nykonfirmerte gutane fekk Vestlandske korgmakar [[Alf Svendsen]], som kom frå Hallingstad sin verkstad i Oslo. Svendsen stod for ein høgt verdsett ekspertise, og det første året han var i bygda hamna han i den lokale lønnstoppen. Det gjekk ikkje lang tid før han vart teken att av ivrige akkordarbeidarar.

Det var korgmøbelproduksjonen som sikra desse tre sykkylvsbedriftene innpass i marknaden, og vi kan vel kanskje seie at stort anna enn korgvareproduksjon kunne dei ikkje ha kome i gang med. Dei hadde ikkje mykje kapital, og korgmøbelproduksjonen var ikkje kapitalkrevjande. Det som skulle til var råvarene pil og peddig og nokre enkle stativ og trereiskap for å forme produkta med. I tillegg måtte dei ha lokale, men Ole T. Lied som eigde bygget dei starta i, godtok ein aksje som leige for huset dei første to åra. Dei andre aksjonærane betalte inn pengar, slik at samla aksjekapital ved skipinga var 16.000 kroner. Nye arbeidarar måtte også løyse aksjar for tusen kroner for å få arbeid ved Vestlandske. At arbeidskrafta godtok slike vilkår, viser at alternativa innan betalt sysselsetting i Sykkylven på den tida ikkje var mange. Det viser også at tiltrua til at denne verksemda skulle gje stabil og trygg sysselsetting var god. Igjen var føredømet på Stranda greitt å vise til. P.I. Langlo hadde arbeidd seg opp til å bli ein av Noregs største møbelprodusentar kring [[1930]], og P.I. var heller ingen kven som helst i nabokommunen!

== Formgjevingstalent ==

Kundane kravde etter kvart meir komfort på stolane, og dei første nakne korgmøblane vart erstatta av korgmøblar med stopp i rygg og sete. Det gjekk ikkje mange år før Vestlandske var over i lenestolproduksjon, der stolane var bygde opp på trerammer.

Veiledere, Administratorer
173 321

redigeringer