Vetlefjorden krins

Vetlefjorden krins er ein skulekrins i Balestrand kommune i Sogn.

Skulehus

Skuledagen

I ei minneoppgåve for eldre frå innsamlinga i 1996 skriv ein informant frå Vetlefjorden om skuledagane: "Skulen var todelt slik at dei miste gjekk tre dagar i veka og dei største tre dagar i veka." Om gymnastikkundervisninga kan vi lese: "Gymnastikken gjekk føre seg ute med "bøy og tøy", men vi fekk nok fysisk fostring med den daglige gåinga." og vidare om friminutta: "I det lange friminuttet var me ute. Var det fint ver, slo me ball eller gjorde ymse leikar. Me gutane kappast i enkle idrettsleikar. Me gutane kappast for å vere populære og for å vere kar over jentene."

Skulevegen

I ei minneoppgåve for eldre frå innsamlinga i 1996 skriv ein informant frå Vetlefjorden om skulevegen tidlig på 1930-talet: "Skulen låg mist i dalen, og frå ytterkantane var det 3 km å gå. Om sommaren (og vår og haust) var det berre moro å gå. Verre var det i ruskete vær og når det var mykje snø. Det var berre ein hesteplog som brøyta vegen, så me måtte ofte vasse i snø(...) Når det var vinter brukte vi spart, og den meistra vi ypperleg. På stålis og glatt føre var det reine "Rally Cross". Me hadde gjerne to på setet og bak på meiane sto så mange som fekk plass. Det henda at dei bakaste skapp taket og fall av, men stort sett gjekk det bra. Det var sjeldan vi bruka skia. Det var berre dersom det var skitur for heile klassen. Syklar var det lite av på den tida, så det var lite brukt."

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

MO96S-F06, Minneoppgave for eldre 1996, Norsk folkeminnesamling, Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitet i Oslo (upublisert)


Koordinater: 61.29906° N 6.56441° Ø