Skribenter
4 115
redigeringer
Ingen redigeringsforklaring |
|||
(15 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
[[Fil:Tettstaden Øyane i Fyresdal .jpg|miniatyr|Tettstaden Øyane i Fyresdal med Veum kyrkje. I bakgrunnen ser ein Hauggrend. Usikkert tidspunkt. Foto: Norsk Flyfoto]] | |||
[[Fil:Kyrkjebø (Fyresdal) .jpg|miniatyr|Øyane 1910 med Kyrkjebø i sentrum, Kyrkjestoga og Veum kyrkje til venstre og bedehuset Elim litt bak til høgre.]] | |||
'''Veum i [[Fyresdal]] kommune''' er eit bygdelag nord i kommunen. Lengst nord er [[Hauggrend]] som ligg på austsida av [[Skredevatn]]. Fjellgardane er ein sidedal mot vest med busetnad. I tidlegare tider heitte det Vida Sókn med kyrkjestaden Vidir. Dativ á Vidum, flt. av vidr, m. Dette vert tyda som tre eller skog. | |||
== Tidleg soge == | |||
Garden Veum, som tidleg vart dela opp i fleire bruk, (Fyresdal gnr.55 og gnr. 56), ligg litt høgt oppe i dalsida i aust, vestvendt og solrikt. Her er nok den eldste busetnaden, her låg dei tidlegaste kyrkjene ein kjenner til , og her har mogleg vore eit hov før den tid. Veum gamle kyrkjestad er utsletta, men ein veit kor denne var, og ein kjenner ein god del til dei to eldste [[Veum kyrkje (Fyresdal)|kyrkjene]] ein veit om. Ein [[Liksteinen frå gamle Veum kyrkje|likstein]] frå den eldste kyrkjegarden, og likeeins ein [[Runestein på søgard Veum|bautastein]] som stod på ein haug like utanfor kyrkjegardsporten, er det ein god del skriftleg om. Den eldste hovudvegen gjekk her oppe i lia framom kyrkje og gard. | |||
Til Veum gjekk vegen frå nord opp Leirfallsbakkane, ein av dei tre berykta bakkane på vegen [[Bandakslivegen|Bandaksli]] – Fyresdal, dei andre var Skreosbakken og Timrudbakken lenger nord. Vegen her oppe i lia var ein rideveg, og etter kvart som det vart teke i bruk vogner med hjul var dette særs tungvint, og vegen vart lagt nede i dalbotn. Nedanfor gardane er sletta Øyane. Ordet ''Øy'' er ei tidleg nemning på ei engslette eller eit låglende langs ei elv slik det og er her. | |||
== Tettstaden Øyane == | |||
Då ferdavegen i dalbotn vart teke i bruk kom det ein gradvis tiltakande busetnad på Øyane som vart eit sentrum i soknet. Den siste [[Veum kyrkje (Fyresdal)|kyrkja oppe på Veum]] var blitt dårleg og var for lita etter at soknet [[Heggland valfartkyrkje (Fyresdal)|Heggland]] var blitt dela mellom hovudsoknet [[Moland kyrkje (Fyresdal)|Moland]] og annekset Veum. Den var og dårleg vedlikehalde og det vart, ikkje utan motstand, vedteke å bygge [[Veum kyrkje (Fyresdal)|ny kyrkje]] her nede på «Øiansletten». Her vart tidleg fast skulestad i [[Veum kyrkjestove|kyrkjestoga]] og så vart det bygd [[Veum skule|skule]] med lærarbustad. Bedehuset Elim kom på plass, likedan ungdomshuset Fredheim. Her vart [[Veum Handelslag|forbruksforening]] med eige bakeri og privat butikk like ved på Øyosen, (Mandt-bui). Det vart skipa eit [[Veum Smørlag|smørlag]] som hadde eige meieri på [[Tofte (Fyresdal gnr. 85/6)|Tofte]], og her budde ulike handverkerar. Likedan vart her ein telefonsentral på Åbø og sjølvsagt posthus på Øyosen. I det heile ein levande tettstad med særs mange funksjonar som var viktige for alle dei som budde der og i tilstøytande dalføre. Etter kvar gjekk så utviklinga frå denne staden, som for så mange liknande, og i 2019 er det av tidlegare aktivitet bare kyrkja att. | |||
== Personar frå Veum == | |||
* [[Anders Jørgensen Veum]] (1836-1932) | |||
* [[Bendik Gjermundson Veum|Bendik Veum]] (1887-1958) | |||
* [[Ivar Tveiten]] (1850-1934) | |||
* [[John Pederson N. Lie (1846-1916)|John Lie]] (1846-1916) | |||
* [[Torbjørg Lie|Torbjørg Lie]] (1855-1924) | |||
== Kjelder og til utdjupande lesnad == | |||
* Marvik, Steinar: ''Fyresdal. Gards- og ættesoge''. Fyresdal kommune 1992 | |||
* Nedrebø, Ketil: Opplysningar skrive ned i 2002. Navn på gardar og hus, og kven som har budd der mellom ca. år 1930 og til ca. år 1940. (Som sokna til skulen på Øyane.) Ikkje publisert. | |||
* [[Qvisling, J.L.|Qvisling, J.L]].: ''Fyresdals historie.'' Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001. | |||
* Rygh, O.: ''Norske gaardnavne''. Syvende bind, Bratsberg Amt. Bearbeidet af A. Kjær. W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914 | |||
* [[Taraldlien, Bendik]]: ''Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910''. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania. | |||
* Taraldlien, Bendik.: ''Fyresdal. Andre utgåva 1949''. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo | |||
* [[Bendik Gjermundson Veum|Veum, Bendik]]: ''Fyresdal. Ættebok''. Utgjevar Fyresdal kommune 1943 Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo | |||
* Veum, Lars: ''Kyrkjene i Fyresdal''. Fyresdal Sokneråd 2013 | |||
== Biletgalleri == | |||
<gallery> | <gallery> | ||
Øyane i Veum i Fyresdal .jpg | Vi ser tettstaden Øyane med diverse bygningar og gardane Veum oppe til høgre. Foto Widerøe | Fil:Øyane i Veum i Fyresdal .jpg|Vi ser tettstaden Øyane med diverse bygningar og gardane Veum oppe til høgre. Foto Widerøe | ||
Fil:Øyane i Veum 1947.JPG|Framme til venstre Veum Handelslag, deretter mot høgre Kyrkjestoga med kyrkjestallane bak. Vidare mot høgre bedehuset. Foto 1947 | |||
Fil:Øyane i Veum ca. 1905 .jpg|Dette er frå Øyane med frå venstre Øyosen, Handelslaget, Veum kyrkje, Kyrkjestoga og Åbø. Fotograf: Bendik Taraldlien. Litt før 1910. Ukjent stemne. | |||
</gallery> | </gallery> | ||
[[Kategori:Fyresdal kommune]][[Kategori:Grender og bygdelag]][[Kategori:Tettsteder]] | [[Kategori:Fyresdal kommune]] | ||
[[Kategori:Grender og bygdelag]] | |||
[[Kategori:Tettsteder]] | |||
{{nn}} |