Vistehola: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: ===Vistehola=== Vistehola ligg på garden Viste i Randaberg kommune. Dei gode bevaringstilhøva for organisk materiale i denne hola har avslørt meny og levevis hos steinaldermenneska på S...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
===Vistehola===
Vistehola ligg på garden Viste i Randaberg kommune. Dei gode bevaringstilhøva for organisk materiale i denne hola har avslørt meny og levevis hos steinaldermenneska på Sørvestlandet. Vistehola høyrer såleis med til dei klassiske lokalitetane i norsk arkeologi.

===Frå Svartehålå til Vistehålå===
===Frå Svartehålå til Vistehålå===
Hola er 8-9 meter djup og 5-6 meter vid. Ho ligg godt skjerma ved foten av ein bratt knaus med fritt utsyn mot sjøen. Opphavleg var namnet "Svartehålå" på lokaldialekten, noko som nok hang saman med at hola på avstand verka djup og mørk. Etter at dei interessante arkeologiske funna byrja å koma for dagen, skifta namnet til "Vistehålå". Det var ein lokal randabergbu som i 1900 oppdaga mellom anna flint, dyrebein og trekol i hola. Konservator T. Helliesen frå Stavanger Museum gjennomførte i 1907 ein mindre gransking av austre del av hola. Den kjende arkeologen A.W. Brøgger helt fram arbeidet i 1907 og 1910. Endeleg stod H. Egenæs Lund for utgravingar i 1939 og 1941.
Hola er 8-9 meter djup og 5-6 meter vid. Ho ligg godt skjerma ved foten av ein bratt knaus med fritt utsyn mot sjøen. Landhevinga har medført at avstanden til stranda i Vistevika i dag er eit par hundre meter, men i steinalderen låg hola nær sjøen. Opphavleg var namnet "Svartehålå" på lokaldialekten, noko som nok hang saman med at hola på avstand verka djup og mørk. Etter at interessante arkeologiske funn byrja å koma for dagen, skifta namnet til "Vistehålå". Det var ein lokal randabergbu som i 1900 oppdaga mellom anna flint, dyrebein og trekol i hola. Konservator T. Helliesen frå Stavanger Museum gjennomførte i 1907 ein mindre gransking. Den kjende arkeologen A.W. Brøgger heldt fram arbeidet i 1907 og 1910. Endeleg stod H. Egenæs Lund for utgravingar i 1939 og 1941.
 
===Lang brukstid og tjukke kulturlag===
Vistehola har fungert som bustad for menneske i periodar over eit tidsrom på meir enn 6000 år. Omkring 6000 før Kristus blei hola teken i bruk. Det er busetjing her i dei første 2000-3000 åra som har sett mest spor etter seg, men Vistehola vart nytta heilt fram til folkevandringstid på 500-talet etter Kristus. Brøgger undersøkte avfallslag på opptil 60 cm tjukkleik, medan Egenæs Lund på dei djupaste stadane påviste lag på heile 1,6 meter. Kven som nytta Vistehola så seint som i folkevandringstid, er eit interessant spørsmål. Var det folk frå gardar andre stader på Nord-Jæren som oppheldt seg her i kortare periodar, til dømes i samband med jakt og fiske? Eller budde det folk meir permanent i hola, og hadde desse i så fall eit anna næringsgrunnlag og ein annan sosial status enn bondefamiliane i området?
 
===Menykartet===
I Vistehola er det påvist bein etter over 30 fugleartar, meir enn 20 pattedyr og 10 fiskeartar. Så lenge furuskogen dominerte i området, var elgen viktigaste kjøtdyret. I takt med varmare klima og eikeblandingsskogen sin frammarsj, overtok villsvinet denne rolla. Av andre landdyr er bein frå hjort, hare, ekorn, gaupe, rev, bjørn, mår, grevling og oter representert. Mellom fugleslaga holefolka jakta på var lomvi, geirfugl, lundefugl og alke. Gråsel eller havert utgjorde ein viktig ressurs. Blant fiskeslaga på menyen stod i første rekkje torsk, men også til dømes sei og ål. Bein frå ei over to meter lang lange vitnar om djupvassfiske. Fint tilskorne fiskekrokar av bein er funne i hola. Ei føde av kjøt, fisk og fugl, blei supplert med hasselnøtter, bær, plantar og sist, men ikkje minst skjell. Tjukke lag med blåskjell, østers, strandsnegl, albogeskjell og hjertemusling er eit klart vitnemål om at menneska i hola sette pris på slik kost som var lett å hausta i strandsona. Vistehola kan stundom ha vore i bruk året rundt, men funna peikar meir mot vinterbusetjing enn sommaropphald.

Sideversjonen fra 26. mai 2008 kl. 13:53

Vistehola ligg på garden Viste i Randaberg kommune. Dei gode bevaringstilhøva for organisk materiale i denne hola har avslørt meny og levevis hos steinaldermenneska på Sørvestlandet. Vistehola høyrer såleis med til dei klassiske lokalitetane i norsk arkeologi.

Frå Svartehålå til Vistehålå

Hola er 8-9 meter djup og 5-6 meter vid. Ho ligg godt skjerma ved foten av ein bratt knaus med fritt utsyn mot sjøen. Landhevinga har medført at avstanden til stranda i Vistevika i dag er eit par hundre meter, men i steinalderen låg hola nær sjøen. Opphavleg var namnet "Svartehålå" på lokaldialekten, noko som nok hang saman med at hola på avstand verka djup og mørk. Etter at interessante arkeologiske funn byrja å koma for dagen, skifta namnet til "Vistehålå". Det var ein lokal randabergbu som i 1900 oppdaga mellom anna flint, dyrebein og trekol i hola. Konservator T. Helliesen frå Stavanger Museum gjennomførte i 1907 ein mindre gransking. Den kjende arkeologen A.W. Brøgger heldt fram arbeidet i 1907 og 1910. Endeleg stod H. Egenæs Lund for utgravingar i 1939 og 1941.

Lang brukstid og tjukke kulturlag

Vistehola har fungert som bustad for menneske i periodar over eit tidsrom på meir enn 6000 år. Omkring 6000 før Kristus blei hola teken i bruk. Det er busetjing her i dei første 2000-3000 åra som har sett mest spor etter seg, men Vistehola vart nytta heilt fram til folkevandringstid på 500-talet etter Kristus. Brøgger undersøkte avfallslag på opptil 60 cm tjukkleik, medan Egenæs Lund på dei djupaste stadane påviste lag på heile 1,6 meter. Kven som nytta Vistehola så seint som i folkevandringstid, er eit interessant spørsmål. Var det folk frå gardar andre stader på Nord-Jæren som oppheldt seg her i kortare periodar, til dømes i samband med jakt og fiske? Eller budde det folk meir permanent i hola, og hadde desse i så fall eit anna næringsgrunnlag og ein annan sosial status enn bondefamiliane i området?

Menykartet