Vistehola

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. mai 2008 kl. 12:57 av Frode (samtale | bidrag) (Ny side: ===Vistehola=== Vistehola ligg på garden Viste i Randaberg kommune. Dei gode bevaringstilhøva for organisk materiale i denne hola har avslørt meny og levevis hos steinaldermenneska på S...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vistehola

Vistehola ligg på garden Viste i Randaberg kommune. Dei gode bevaringstilhøva for organisk materiale i denne hola har avslørt meny og levevis hos steinaldermenneska på Sørvestlandet. Vistehola høyrer såleis med til dei klassiske lokalitetane i norsk arkeologi.

Frå Svartehålå til Vistehålå

Hola er 8-9 meter djup og 5-6 meter vid. Ho ligg godt skjerma ved foten av ein bratt knaus med fritt utsyn mot sjøen. Opphavleg var namnet "Svartehålå" på lokaldialekten, noko som nok hang saman med at hola på avstand verka djup og mørk. Etter at dei interessante arkeologiske funna byrja å koma for dagen, skifta namnet til "Vistehålå". Det var ein lokal randabergbu som i 1900 oppdaga mellom anna flint, dyrebein og trekol i hola. Konservator T. Helliesen frå Stavanger Museum gjennomførte i 1907 ein mindre gransking av austre del av hola. Den kjende arkeologen A.W. Brøgger helt fram arbeidet i 1907 og 1910. Endeleg stod H. Egenæs Lund for utgravingar i 1939 og 1941.