Volda husflidslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. jan. 2014 kl. 09:21 av Kallrustad (samtale | bidrag) (krediterer Heidi fotograf)
Hopp til navigering Hopp til søk
Volda husflidslags logo frå 2013.

Volda husflidslag vart skipa 19. januar 1906. I føremålsparagrafen som vart vedteken på skipingsmøtet, heitar det: §1 Laget hev til maal aa vekkja og styrkja hugen til husflidsarbeid i Volden. Husflidslaget er og har vore ein aktiv kulturberer i over hundre år i Voldasamfunnet. Blant dei tidlegare leiarane er Oline Vassbotn Drabløs.

Husflidslaget har en omfattande aktivitet, dei faste aktivitetane er vevstova, sløydgruppa, Ung Husflid, husflidskveldar og bunadskafé. I samarbeid med andre aktørar gjennomfører laget kulturarrangementet som til dømes førjulsøndag på Haueleite.

Husflidslaget i Volda har omlag 90 medlemmer og er tilslutta Norges Husflidslag.

Kjelder

  • Andenes, Gunnar (red.): Volda husflidslag 100 år: 1906-2006, Volda 2006.
  • www.husflid.no

Eksterne lekkjer