Åmdals Verk gruver

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Åmdals verk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversiktsbilete Åmdals verk gruver, omlag 1905.
Foto: Ukjend.

Åmdals Verk gruver ligg i Tokke kommune og har ei historie som strekkjer seg tilbake til 1600-talet. I alt skal det ha vore utvunne over 8000 tonn kopar frå gruveanlegget. Verksemda var prega av skiftande eigarskap, vekslande stillstand og aktivitet, oppgang og nedgang. På det meste skal over 400 mann ha vore i arbeid ved kopargruvene, som var i drift frå 1691 til 1945. Samfunnet som vaks fram rundt gruvedrifta var særeigent og fargerikt.

Historie

Dei fyrste funna av koparhaldig malm ved Åmdal i Tokke kommune (tidlegare Mo) i Telemark blei gjort omkring 1689. Johan Pettersen Bergmann, borgarmeister i Christiania, søkte 29. mars 1690 Oberbergamtet i Kongsberg om privilegiar for Åmdal koparverk. Året etter blei gruvedrifta starta opp. Bergmann mista livet i eit forlis i 1701, og det gjekk gradvis nedover med drifta til ho skal ha blitt stansa i 1712. Koparverket har etter den tid hatt mange ulike eigarar, med korte og ofte lite lønsame driftsperiodar. Lang veg til kysten og høge fraktkostnader gjorde drifta vanskeleg.

Verket hadde ein gullalder i andre halvdel av 1800-talet, med kontinuerleg drift gjennom fleire tiår. I 1870- og 1880-åra blei det investert i nytt utstyr som auka effektiviteten. Toppåret i perioden var 1884, med over 300 tilsette. Fram til 1907 hadde verket eigen skule. I tillegg hadde dei fattigvesen og eigen lege ved verket.

Siste driftsperioden var under 2. verdskrigen. Okkupasjonsmakta kravde full drift gjennom heile krigen, verket blei ein Wehrwirtschaftsbetrieb. Etter freden i 1945 blei gruvedrifta lagt ned for godt. Sidan starten i 1691 har det blitt tatt ut om lag 1 million tonn bergmasse, og truleg utvunne meir enn 8 000 tonn kopar.

Frå 1991 har staden vore museum for arbeidarkultur og gruvedrift i Vest-Telemark under namnet Åmdals Verk gruver, og det er no ein del av stiftinga Vest-Telemark Museum.

Driftsperiodar og eigarar

1691-1701: Johan Pettersen Bergmann
1702-1712: Jon Sommer / Jens Gregersen
1745-1758: Christian von Koss og medinteressentar
1763-1778: Heldt i frist av Skiens-borgarar
1796-1812: Prokurator C. Knutsen og Ole Henckel mfl.
1826: Konsul John Rice Crowe (skøyte tgl. 18.07.1826)
1826-1828: Parlamentsmedlem John Irwing, baronet sir John Rae Reid, grosserar George Reid og konsul Georg Benkhausen (skøyte tgl. 07.10.1826). Etter at gruvedrifta stansa fungerte Lensmann Petter Mandt og Værksbetjent T. Rosing som oppsynsmenn. (arkivet etter P. Mandt, VTM).
1845 / 1846: Handelshuset Ferd Irving & Co, gjekk konkurs etter kort tid, N. Cappelen fungerte som mellommann. (brev frå Cappelen til Sognepræst Folkestad 08.12.1847, Tokke kommunearkiv)
1856-1866: Kammerherre Peter Martin Schøyen (auksjonskøyte tgl. 04.12.1856)
1866-1883: Bratsberg Grubecompanie / Bratsberg Mining Company Ltd.(skøyte tgl.14.05.1866)
1883-1893: Bratsberg Copper Co Ltd. (skøyte tgl. 07.05.1883, meldt firmaregisteret 08.04.1891, avvikla 28.11.1893)
1893-1899: Åmdal Kobberverk A/S (skøyte tgl. 11.09.1893)
1899-1900: Åmdal Copper Mines Syndicate Ltd. (skøyte tgl. 17.06.1899)
1901-1902: Duncan McKechnie (skøyte tgl. 13.05.1901)
1902-1903: The Tharsis Sulphur and Copper Co Ltd. (skøyte tgl. 12.05.1902)
1903-1905: Skafså soknestyre (sysselsettingsarbeid) (skøyte tgl. 16.11.1903)
1905-1911: Charles McCully (skøyte tgl. 26.06.1905, meldt firmaregisteret 25.08.1905)
1911-1919: Aktieselskapet Åmdal Kobberverk (skøyte tgl. 08.01.1912, meldt firmaregisteret 13.01.1913, konkurs 03.04.1921) Drifta leigd ut til A/S Bandak Elekrolytiske Kobberverk 1912-1913 (kontrakt tgl. 15.04.1912, meldt firmaregisteret 23.02.1912, registrert oppløyst 02.02.1916)
1921: Skiensfjordens Kreditbank A/S
1930: A/S Aamdal Kobberverks Forsøksdrift (meldt firmaregisteret 05.05.1930)
1935-1945: Aamdals Verk A/S (tvangsauksjonsskøyte tgl. 20.08.1935, meldt firmaregisteret 17.04.1935)
1945-1991: Aamdals Verk A/S oppretthaldt som datterselskap av Norsk Sprængstofindustri A/S. I 1971 funsjonerte Norsk Sprængstofindustri A/S med Grubernes Sprængstoffabrikker A/S og det nydanna moderselskapet fekk namnet Dyno Industrier A/S.
1991-2004: Åmdals Verk gruver opnar som museum.
2004-2017: Åmdals Verk gruver går inn i konsolideringa Vest-Telemark Museum.

Kilder og litteratur

  • Åmdals verk gruverArkivportalen
  • Bastiansen, B. (1983). Åmdals Gamle Kobberværk : 1540 – 1945. [Dalen: B. Bastiansen]
  • Nordrum, F. S. (1996). Åmdals kobberverk. I: Grimdalen, O. Mo bygdebok : kultursoga. Bind 1. Tokke kommune.
  • Nordskog, G. (1963). Tunge tider for Åmdalsverks Koparverk. I: Homme, J. (red.). Årbok for Telemark : 1963. Skien: Telemark mållag.

Vidare lesning

  • Barstad, Erik, Åmdals Verk Gruver, Masteroppgave i Kulturhistorie ved UiO, Oslo, 2009. Lenke til digital utgåve på Duo.