Aaslaug Vaa (f. 1955)

Aaslaug Vaa (f. 1955 i Skiptvet)  har regissert filmar om kvedetradisjon i Telemark.

Aaslaug Vaa er utdanna agronom og lærar, og er cand.philol med historie hovudfag. Ho var kultursjef i Åsnes i Hedmark 1981–1986. Som fylkeskultursjef i Nordland 1986-2008 arbeida Vaa med ei rekke prosjekt, mellom annet Skulpturlandskap Nordland, Nordland kunst- og filmfagskole og HamsunsenteretHamarøy.

Vaa har regissert dokumentarfilmane Sing lingeling (2014) og Kvar song ei soge (2016), som fortel om kvedetradisjonen i Telemark.

Filmografi

Regissør

  • Audiocopter and the midnight sun (2023)
  • Kvar song ei soge (2016)
  • Sing lingeling (2014; sammen med Anders Øvergaard)

Manus

  • Audiocopter and the midnight sun (2023; sammen med E. Markgren, S. R. Öberg, M. Jarlbo, T. E. Eliassen)
  • Kvar song ei soge (2016)
  • Sing lingeling (2014)
  • Reisen gjennom Lofoten (2013)

Produsent

  • Audiocopter and the midnight sun (2023)
  • Jeg får ikke puste (2023)
  • Kvar song ei soge (2016)
  • Til lands og til vanns (2014)
  • Sing lingeling (2014)
  • Reisen gjennom Lofoten (2013)
  • Rorbuas metamorfose (2010)


  Aaslaug Vaa (f. 1955) er basert på en artikkel fra nettstedet Nordic Women in Film, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Den ble opprinnelig skrevet av Trond Olav Svendsen. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.