Arabygdi
Hopp til navigering
Hopp til søk
Arabygdi er eit bygdelag i Rauland i Vinje kommune, ved nordvestenden av innsjøen Totak. Fylkesveg 362 går gjennom bygda.
Steinura Urdbøuri, som det er knytt mange segner til, ligg i Arabygdi. Her finn ein også Myllarheimen, som var den siste kjende bustaden til Torgeir Augundson, også kjend som Myllarguten. Heimen hans er no museum.
Fyrste ledd i stadnamnet kjem anten frå norrønt ari, «ørn», eller frå mannsnamnet Are.
Kjelder
- Arabygdi i Store norske leksikon