Aure gamle kommunehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure gamle kommunehus vart bygd i 1895, og var då kommunehus i Aure. Det var plassert like ved inngangen til Aure-tunnelen i sentrum. I 1983 vart eit nytt kommunehus teke i bruk, og det gamle kommunehuset vart ei tid bruka til m.a. blomebutikk.

Flytting og restaurering

Statens vegvesen gav etter kvart pålegg om at huset måtte vekk frå si opphavlege plassering. I 2000 tok Lånna kunst og handverkslag (no: Aure kunstlag) kontakt med Aure kommune, og signaliserte at dei var interesserte i å ta over huset. I 2001 gav Aure kommune klarsignal for ei slik overtaking.

I 2002-2003 vart huset flytta over på ny tomt ved Aure prestegard. Kunst og handverkslaget restaurerte 1. høgda og den utvendige delen av huset. I mai 2010 stod huset igjen klar til bruk.

Huset i dag

I dag fungerar huset som lokale for Aure kunstlag. Det vert arrangert kunstutstillingar, samt laurdagskafè på somrane.

Linkar

  • Aure kunstlag: Aure gamle kommunehus, Aure kunstlag Sist vitja: 23.04.12
  • Kiplesund, Kenneth: Aure gamle kommunehus, Kulturminneatlaset Sist vitja: 23.04.12
  • Kjølås, Berit Susanne: Nytt liv i gamalt hus, NRK Sist vitja: 23.04.12