Bedehuset «Louises Minde»

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Bedehuset "Louises Minde"»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bedehuset «Louises Minde» er eit kristeleg forsamlingshus som vart bygd på LeiraTustna i 1923. Thore P. Leren (1855-1947) var pådrivar for å få huset reist. Huset vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar med meir.

Historikk

Det var til å byrja med strid om kva dette huset skulle brukast til. I 1922 vart det halde eit møte der det vart ordskifte ang. byggjinga av huset. Mange ungdomar ynskte at huset skulle vera eit ungdomshus, med eit breiare bruksområde enn det reint kristelege. Det vart ei splitting i bygda, noko som førde til at det etter kvart vart reist eit eige frilynt ungdomshus.

Bakgrunnen for namnet på huset

Thore P. Leren og kona Ingvalda budde ei tid i Amerika. Under dette opphaldet fekk dei ei dotter, Louise Karoline. I 1885 skulle familien reisa heim att til Noreg. Under denne reisa døydde Louise, som då var to år gamal. Ekteparet Leren ynskte at bedehuset skulle få namn etter dottera.

Kjelder og litteratur