Bjørnøya er ei 178 km² stor øy som ligg einslig til i Barentshavet mellom Finnmark i sør og Svalbard i nord. Bjørnøya vart oppdaga og namngjeva Beeren Eiland av nederlendaren William Barents i 1596. Juridisk sett hører Bjørnøya til Svalbard. Øya vart freda som naturreservat i 2002, med unnatak av området rundt den meteorologiske stasjonen.