Borgund stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Borgund stavkirke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Borgund stavkyrkje
Borgund stavkirke01.JPG
Foto: Svein Harkestad (2007).
Stad: Borgund i Lærdal
Byggeår: etter 1181
Vigd til: Apostelen Andreas
Kyrkjegard: Borgund kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Til 1537: Den katolske kyrkje
Etter 1537: Den norske kyrkje
Bispedøme: Bjørgvin
Prosti: Indre Sogn
Prestegjeld: Lærdal
Fellesråd: Lærdal
Sokn: Borgund
Teknikk: stav
Materiale: tømmer
Støpul: Ja
Preikestol: omkr. 1550–1570
Døypefont: Mellomalder, i granitt
Altar: Mellomalder, med relikviegjemme
Altartavle: 1654, «Krossfestinga»

Borgund stavkyrkje i Borgund i Lærdal kommune vart reist på slutten av 1100-talet. Kyrkja reknast som ein av dei best bevarte av stavkyrkjane, og har vore nytta som modell ved restaureringar av andre kyrkjer. Ho er først nemnd i skriftlege kjelder i 1342, men årringsdatering syner at tømmeret var felt vinteren 1180/1181, og alt tyder på at kyrkja vart reist mellom 1181 og 1200.

Kyrkja vart nytta av Borgund sokn heilt til 1868, då Borgund kyrkje stod klar. Kyrkjegarden ved stavkyrkja er framleis i bruk.

I 1877 kjøpte Fortidsminneforeningen stavkyrkja, som i dag er museumskyrkje. Ho vart tidleg eit kjend turistmål, og allereie i 1898 vart den første turistbrosjyra på både norsk og engelsk om kyrkja trykt opp. Det er i dag lagt eit tregolv over dei originale plankane for å verne dei mot slitasje, og det er sett opp gjennomsiktig plast over runeinnskriftene.

Store delar av interiøret frå mellomalderen er bevart. Korskiljet vart fjerna etter reformasjonen, og det vart sett inn benker. Altertavla med «Krossfestinga» er frå 1654. Men sjølve alteret er frå mellomalderen, og har relikviegjemme. Døpefonten i granitt i også frå mellomalderen. Preikestolen er frå omkring 1550–1570, det vil seie om lag ein generasjon etter reformasjonen. Vigselskorsa er bevart på sørveggen, og elles på veggane finn ein innrissa figurar og runer frå mellomalderen.

Galleri

Kjelder


Koordinater: 61.0474296° N 7.8123601° Ø