Botnagrend

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Botnagrend eller berre Botnen er namnet på ei avsides grend i Kvam herad i Hardanger. Den ligg innerst i ein smal fjordarm som heiter Fyksesund. Nå er staden nesten avfolka, der bur berre ein mann fast heile året. Rundt 1950 var der mellom 50 og 60 meir eller mindre fastbuande. Går vi attende til midt på 1800-talet budde der nok over 150 fast. Om lag halvparten drog til Amerika, fridomens land og med moglegheiter for alle til å verte rik. Nokre av de som flytta dit frå Botnen vart det, andre vart aldri meir spurde. Grenda tilhøyrer fortsatt ikkje vegnettet og fekk elektrisk ljos i 1951.For å kome dit lyt ein bruke båt eller gå over fjellet frå Voss. Nærmaste stad som har offentleg vegsamband er Porsmyr, 6 km frå Botnagrend.

Navnet på staden har gjennom tidene variert ein del. I nokre skriftlege kjelder er navnet Ovnegrenden brukt, namnet går då på grenda som ligg innafor ei stad som heiter Ovnen. Botnagrend har vore vanleg dei siste åra, men også berre Botnen. Historisk sett er staden kjend av fleire årsaker, men kanskje mest på grunn av dei to felemakarane som tilsaman produsert ein stad mellom 1000 og 2000 feler, feler som sidan er kalla Hardingfeler. Dette gjev desse to karane ein unik plass i norsk folkemusikk. Ein annan grunn er at to stortingsmenn og ein biskop, i Nidaros, kjem derfra, i tillegg til nokre andre meir eller mindre kjende. Staden er også kjent for forsøk med lakseoppdrett.