Bratsberg Bruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bratsberg Bruk i Porsgrunn.
Foto: 'Telemark fylke : Porsgrund, Kristiania : Hanche, 1923.

Bratsberg Bruk blei stifta som eit aksjeselskap i 1910. Bruket var eit sagbruk og låg plassert i Porsgrunn kommune i Telemark.

Historikk

I 1923 besto direksjonen ved fabrikken av overrettsaksførar Rolf Sundt frå Kristiania, grosserer Alf Otto frå Lillestrøm og ingeniør Finn C. Knudsen frå Porsgrunn. Disponenten ved fabrikken var T. R. Scheen. Bruket omfatta dreieri, vaskebrettfabrikk, trereimskivefabrikk, skaft-fabrikk, vognfabrikk og sagbruk.

Dreieriet leverte så og seie alle typar dreia artiklar. Spesialiteten var kostehoder for eksport utanlands. Produksjonen ved dreierie var ca. 20 000 gross per år. Ved vaskebrettfabrikken blei det produsert både tre- og sinkvaskebrett. Produksjonen gjekk i hovudsak til utlandet, og årleg produserte fabrikken opp mot 180 000 vaskebrett. Ved trereimskivefabrikken produserte ein reimskiver av bjørk og eik. Reimskivene fungerte like godt som stålreimskiver så lenge dei blei nytta i tørre rom. Omsettinga låg mellom 5 og 10 000 stk per år. Ved skaftefabrikken laga ein skaft som blei nytta til forskjellige arbeidsreiskap. Skafta blei laga av bjørk, ask, og hickory, og den årlege omsettinga låg mellom 120 000 og 240 000 stk. Vognfabrikken produserte hovudsakleg grovare hjul og arbeidskøyrereiskap som høyvogner, firehjulsvogner, støtkjerrer og trilleborer. Sagbruket blei i hovudsak nytta til produksjon av materiale som blei nytta til eigen produksjon.

Arkiv

Arkivet etter Bratsberg Bruk er oppbevart ved Vestfoldarkivet. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Telemark fylke : Porsgrund, Kristiania : Hanche, 1923. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.