Bygland Bryggeri
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bygland Bryggeri er eit mikrobryggeri i Bygland kommune i Setesdal. Det bryggar øl på tradisjonelt vis, med mellom anna kveik (gardsgjær) og einerkvistar fra Austadheia. Det vart starta opp av Torkjel Austad og Aleksandr Likhachev. Bryggeriet sin logo er ein tradisjonell ølbolle med setesdalsfargane svart, grønt og raudt.
Ølsortane frå bryggeriet har namn på setesdalsmål, og boksane er utstyrt med historier som forklarer både namnet og ølet. Dei typane dei har per 2022 er:
- Gamlegofa (oldefar), vinterøl, 6,5 %.
- Jolebassen (jolebukk), brown ale, 4,7 %.
- Sveikadden (ungkaren), gardsøl, 4,7 & og 7,0 %.
- Møykjeddingi (peparmøya), NEIPA, 6,3 % (berre på fat).
- Ølgnassen (ein som er glad i øl), pils, 4,7%.
- Byglandsfjorden, blonde, 4,7%.
- Augnestyngjen (augestikkaren), kveika IPA, 4,7%.
- Vetrebreiti (Mjølkevegen), kveika NEIPA, 7,5%.
- Skjoldmøyslaget (namnet på ein slått), dobbel IPA, 8%.
- Framgarden (etter gard som leverer kveik), råøl, 9%.
- Lusekupta (lusekofta), brown ale, 6%.
- Rudkallen joleøl (fjøsnissen), brown ale/bokkøl-hybrid, 7,5%.
Bryggeriet samarbeidar med mellom anna Gulating om distribusjon av ølet.
Litteratur og kjelder
- Bygland Bryggeri.
- «Har starta opp eige ølbryggeri» i Setesdølen 2017-12-21.