Dovre Historielag
(Omdirigert fra «Dovre historielag»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dovre Historielag er eit historielag i Dovre kommune i Gudbrandsdalen. Historielaget gjev ut årboka Dovrebygde, som kom ut fyrste gong i 1985.
I 2019 hadde historielaget 80 medlemmer. Talet har variert mellom 60 og 80.
Aktivitetar
Arbeidet med årboka har vore viktig. Laget har òg bygd opp ei bildesamling med om lag 15 000 fotografi. På 1980-talet restaurerte medlemmene ein gammal skule, og i perioden 2015-2019 rydda og merka dei 15 stier og råk i Dovre. Historielaget har vore med på fleire arrangement i bygda.
Dovre Historielag har vore veldig aktivt i somme periodar og så å si heilt nede i andre periodar.
Publikasjonar
- Gamle hus i Dovre. Utg. 1989.
- Bjørnsgard, Hans S.: Dovrehistori. Utg. 2017.
- Eriksen, Alf ofl.: Sætrer og sæterdrift i Dovre. Utg. 2016. 336 s. ISBN 978-82-690580-0-0.
- Buer og burestar Dovre. Utg. 2019.
Leiarar
- Gunder Bentdal
- Aksel Killi
- Oddmund Kristiansen
- Ragnhild Slette
- Jan Torgeir Lindsøe
- Alf Eriksen
- Magne Botten
- Sverre Killi
- Merete Killi
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).